Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kulturmiljøplan - 2026-2029 - Pressemelding

Hemsedal sin nye Kulturmiljøplan - 2026-2029 ble vedtatt av kommunestyret i møte 17.juni

Planen og kunnskapsgrunnlag finner du under Temaplaner på denne siden:

Lenke til kommuneplaner

Du kan også klikke på bildet under for å åpne planen som pdf-fil

Kulturmiljøplan 2026-2029.png

Klikk her for vedlegget til planen: Kunnskapsgrunnlag

 

Pressemelding: 

Hemsedal set kulturarven på kartet – no startar kulturmiljødugnaden!

Hemsedal kommune har fått sin fyrste kulturmiljøplan. Planen vart vedteken i siste kommunestyremøte, og skal vere eit viktig verktøy for å ta vare på kulturarven og dei særmerkte landskapa i bygda.  

– Hemsedal er kjent som reiselivskommune, men me er meir enn fjell, ski og aktivitetar. Historia vår, bygda vår og kulturarven vår er ein viktig del av det som gjer Hemsedal ekte. Denne planen må ikkje bli liggjande i ei skuff – han må brukast aktivt, både i reiselivet, i besøksforvaltninga og i politiske val framover. Dette er bra for både fastbuande, gjester og framtida til Hemsedal, seier ordførar Pål Rørby.  

Planen gir kommunen ei samla oversikt over verneverdige område, bygningar, anlegg og kulturspor, og peikar ut retning for korleis desse verdiane skal forvaltast vidare. Han skal brukast som politisk styringsdokument, praktisk verktøy i planlegging og sakshandsaming, og som rettleiing for innbyggjarar og utbyggjarar.  

Hemsedal kommune har lagt stor vekt på at planen skulle byggjast i lag med innbyggjarane. Det har vore grendemøte, arbeidsmøte, innbyggjarundersøkingar, open dag på biblioteket og samarbeid med mellom anna Hemsedal historielag, frivillige, fagmiljø og fylkeskommunen. Kulturavdelinga i Hemsedal kommune vil rette ein stor takk til alle som har bidrege i prosessen.  

– Mange har delt kunnskap, minne, historier, lokalkunnskap og engasjement. Dette har vore viktig for å få fram kva som er verdifullt for bygda, og kva Hemsedal skal ta med seg vidare, seier kultursjef Lisbeth Skølt.  

Hanne Lykkja har leia arbeidet med kulturmiljøplanen og kunnskapsgrunnlaget, og gjennom brei involvering bidrege til godt lokalt eigarskap.
Sissel Carlstrøm har kvalitetssikra det kulturfaglege innhaldet.  

Målet med planen er vern gjennom bruk, betre forvaltning og god stadutvikling. Kulturarven skal ikkje berre vere historie, men ein ressurs for kunnskap, oppleving, bruk og utvikling – både i dag og i framtida. Kommunen håpar planen vil bli mykje brukt av kommunen, frivillige, grendene, utbyggjarar og innbyggjarar.  

Dette er ikkje slutten på eit arbeid, men starten på ein meir medviten og langsiktig kulturmiljødugnad i Hemsedal. Eit av dei fyrste tiltaka blir registrering av kulturhistorisk verdi på eldre bygningar i Hemsedal. Ei lokal kulturminnegruppe har allereie fått opplæring og skal arbeide vidare med dette.  

Kulturmiljøplanen for Hemsedal gjeld for perioden 2026–2029, og viser retning fram mot 2030.      

 

Kulturavdelinga i Hemsedal kommune

Sist endret: 29.06.2026