Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kommunalt vatn og avløp

Vakttelefon

Vakttelefon for vatn og avløp: 416 94 040 ( NB - ikkje sms/melding)

Dette nummeret kan nyttast heile døgnet ved feil på ledningsnettet.

Teknisk drift har ansvaret for kommunal vassforsyning og avløpsnett. 

Inngrep på leidningsnettet må først drøftast med den som er på vakt pga fare for driftsstans, pumpehavari o.l.

Lekkasje på vassleidningsnettet 

Av og til skjer det vasslekkasje på eller i tilknyting til det kommunale leidningsnettet frå vassverket. Ofte er dette lekkasjar på privat stikkledning eller tilkoplingspunkt til stikkledningen.

Desse reglane gjeld ved lekkasjar:

  • Kommunen er ansvarleg for alle lekkasjar på hovudleidningsnettet.
  • Den enkelte abonnent er sjølv ansvarlig for lekkasjar på sin private stikkledning, inkludert påkoplingspunktet.

Dersom det er mistanke om lekkasje må kommunen varslast så fort som råd, gjerne på døgnopen vakttelefon 416 94 040 (NB - ikkje sms/melding). 

  • Det er viktig å varsle fort for å unngå følgjeskader, som t.d. skader på hus eller vegar, eller tømming av høgdebasseng.

Dersom ein lekkasje vert konstatert vil kommunen syte for å stenge av vatnet, lokalisere lekkasjen, ev. fastslå om den er på privat stikkleidning, og vurdere kva tiltak som bør setjast i verk.

  • Kommunen har til ei kvar tid avtale med entreprenør og røyrleggjar som kan rykke ut på kort varsel for å reparere vasslekkasjar på hovudleidningsnettet.
  • Dersom det ikkje er tvil om at lekkasjen er på privat stikkledning må abonnenten sjølv syte for at feilen vert utbetra så fort som råd.
  • Det er krav om at arbeidet skal utførast av kvalifisert personell, (gravemaskinførar og røyrleggjar - sjå sanitærreglementet), samt at nedgravne kablar vert påvist før graving.
Feil på kloakknettet

Av og til opplever abonnentar på det kommunale kloakknettet at kloakken vert tett. Erfaringa syner at dette oftast skuldast tilstopping av privat stikkledning.

Er det feil på hovudleidningsnettet opplever oftast fleire abonnentar problem samstundes, og dette kan lett sjekkast ved å snakke med andre som er kopla til same hovudleidning.

Tilstoppa kloakkledning kan oppdagast i tide ved å observere følgjande symptom:

  • vatnet renn sakte ned
  • det kjem luftbobler opp, i klosett, vask eller sluk.

Symptoma vert fyrst synleg i den nederste etasjen i huset. Symptom må ikkje ignorerast. Heil eller delvis tilstopping kan føre til at kloakken renn ut over golvet.

Den enkelte abonnent er sjølv ansvarlig for tilstopping på sin private stikkledning, inkludert påkoplingspunktet. Ligg feilen på privat stikkledning må abonnenten sjølv syte for å få reparert feilen.

Dersom det skulle vere mistanke om tilstopping på hovudkloakknettet må kommunen varslast så fort som råd, gjerne på døgnopen vakttelefonen 416 94 040. 

  • Kommunen vil då sjekke om feilen ligg på det kommunale kloakknettet.
  • Kommunen gjer ein del reparasjonar sjølv, men har til ei kvar tid avtale med entreprenør og røyrleggjar som kan rykke ut på kort varsel for å reparere feil på det kommunale leidningsnettet
Kvaliteten på drikkevatnet i Hemsedal

Kommunen tek faste prøver av drikkevatnet frå brønnane og frå forsyningsnettet.

  • Dette vert gjort kvar 14. dag for Krikken vassverk.
  • Prøvene vert analyserte ved eit laboratorium for å finne ev. bakteriar, farge eller grums, som kan tyde på forureining av kjelda eller leidningsnettet.

Hardheit

Mange lurer på om drikkevatnet er hardt, slik at dei må tilsetje forskjellige middel i oppvaskmaskiner og vaskemaskiner for å hindre forkalking, dette er ikkje nødvendig. Vatnet frå vassverka i Hemsedal er som dei fleste andre stader i Noreg bløtt. På Tuv er hardheita målt til 5dH' (tyske hardheitsgrader), på Krikken er hardheita målt til 3 dH'.

Tabellen under syner klassifisering av hardheit.

Hardheit (dH')        Betegnelse
0 - 2                        svært bløtt
2 - 5                        bløtt
5 - 10                      middelt hardt
10 - 21                    hardt
> 21                        svært hardt

 

Vassforsyning

Vassforsyninga i Hemsedal kommune består av eit vassverk, fire høgdebasseng og fleire trykkøkningsstasjonar (pumpestasjonar), i tillegg til leidningsnettet.

Krikken vassverk

  • Nye Krikken vassbehandlingsanlegg erstatta det gamle i 2024.
  • leverer vatn til Tuv, Holdebakken, Trøim og Ulsåk.

Tuv vassverk

  • er lagt ned.

Høgdebassenga

  • gjev tryggleik i vassforsyninga ved at dei fleste abonnentane er sikra vasstrykk sjølv om straumen går
  • utgjer ein vassreserve til brannsløkking som krev meir kapasitet enn pumpene på vassverket kan yte.
  • kommunen har fire høgdebasseng knytt til Krikken vassverk, eitt ved Grøv/Ålstveit, eitt ved Holdebakken, eitt i Anderdalslia, og eitt ved Skigarden.

Vasskvalitet:

Drikkevannsforskrifta

  • Stiller krav til vatn som skal leverast på nettet.
  • Vatnet frå dei kommunale vassverka i Hemsedal har i utgangspunktet svært god kvalitet, men fordi vasskjeldene er grunnvatn er vatnet i utgangspunktet litt for surt (for lav pH-verdi).
  • pH-verdien skal vere mellom 6,5 og 9,5
  • pH-verdien skal ikkje vere korrosivt, dvs at det ikkje skal tære på vassrøyr av jern og kopar, og røyr med betongforing.

For å oppfylle desse krava vert pH-verdien regulert opp til om lag 8,0 ved vassverket. For dei andre parametrane oppfyller vatnet kvalitetskrava i forskrifta.

Sikre vatnet mot sjukdomsframkallande mikroorganismar

  • krav til to hygieniske barrierer 
  • sikring av sjølve vasskjelda (i motsetning til overflatevatn)
  • desinfisering.

Kvalitetssikring

  • faste prøver av drikkevatnet frå brønnane
  • faste prøver frå forsyningsnettet
  • kvar 14. dag for Krikken vassverk

Prøvene vert analyserte ved eit laboratorium for å finne ev. bakteriar, farge eller grums, som kan tyde på forureining av kjelda eller leidningsnettet.

Tiltak ved avdekking av redusert drikkevasskvalitet

  • anbefaling eller påbod om koking av vatnet om det er mistanke om større forureining.
Krikken vassverk

Krikken vassverk ligg sør for og inntil Heimsila, mellom Ulsåk og Trøim. Herfrå vert vatnet pumpa til to separate forsyningsnett.

Det eine nettet går i retning Trøim og forsyner Trøim tettstad, Holdebakken,  Anderdalslia-Skarsnuten-Skigarden-området, og Tuv.
Det er tre høgdebasseng på dette nettet. Ved dei to øvste bassenga er det dieselaggregat som startar automatisk når det vanlege straumnettet fell ut. Aggregatet gjev straum til pumpene som forsyner Skigarden, Skarsnuten Hotell og området rundt.   

Det andre nettet forsyner Ulsåk-området. Her er det eitt høgdebasseng.

Fakta om Krikken vassverk:

Vasskjelde:                          Fem lausmassebrønnar
Desinfisering:                       UV-filter (ultrafiolett lys) og klor
Regulering av pH-verdi:         Vannglass
pH- verdi i brønnane:            Om lag 6,2
pH- verdi ut frå vassverket:   Om lag 8,0

 

Avløp

 

All kloakk som vert sleppt inn på det kommunale leidningsnettet går innom eit reinseanlegg før den går ut i Heimsila.

 

Trøim reinseanlegg

Anlegget ligg sør for sentrum, nær brannstasjonen.

Anlegget tek i mot kloakken frå Tuv, Skiheisområdet, Trøim sentrum og kringliggjande bustadfelt.

Anlegget har høg reinsegrad og oppfyller styresmaktene sine krav til reinsing.

Verkemåte:

Anlegget er eit mekanisk/biologisk/kjemisk anlegg. Etter innløpsristene som tek bort søppel, filler og liknande, går kloakken til biobassenga der bakteriar bryt ned organisk stoff. Bakteriane veks på mange små plastelement med stor overflate. Dei får næring frå kloakken og oksygen frå luft som vert blese i røyr ned i bassenga. Lufta har i tillegg ein funksjon ved å halde plastelementa i stadig rørsle.

Etter opphald i eit utjamningsbasseng vert kloakken pumpa vidare og tilsett fellingskjemikalium (jernklorid) som reagerer med oppløyste næringssaltar, og gjer dei om til slam (utfelling). Deretter vert det tilsett ein såkalla hjelpeflokkulant (polymer) som hjelper alle slampartiklane til å klumpe seg saman.

Kloakken går så til ei av to kompakte flotasjonseiningar, saman med vatn som er tilsett luft under trykk. I flotasjonseininga vil det meste av slammet feste seg til luftbobler og flyte opp, medan noko slam er tungt og fell til botnen. Botnslam og flyteslam vert så skrapa saman og pumpa til eit slambasseng, medan det reinsa vatnet vert ført ut i Heimsila.   

Alt dette skjer i ein kontinuerleg prosess som krev overvaking og justering. Om prosessen stoppar går kloakken ureinsa ut i Heimsila.

Ulsåk reinseanlegg

Anlegget ligg sør for Ulsåk sentrum, nedanfor riksveg 52. Anlegget tek imot kloakk frå Ulsåk sentrum, Moen Camping, byggefeltet på Svøo, og Hemsedal Hytte- og Feriepark.

Anlegget har ein enkel prosess, har for liten kapasitet ved maks belastning og er utsett for varierande innløpsvatn. Som følgje av dette er reinsinga ein del dårlegare enn krava frå styresmaktene.

Det er planar om å forbetre anlegget noko.

Verkemåte:

Anlegget er eit mekanisk/kjemisk anlegg som fungerer ved tilsetjing av fellingskjemikalium (jernklorid) som feller ut næringssaltar.

Slammet sedimenterer til botnen av eit langt basseng med langsam gjennomstrøyming, der det vert skrapa saman og pumpa til eit slambasseng.

Den reinsa kloakken renn ut i utløpsrenner ved vassflata i enden av bassenget. Søppel og filler vert kverna opp og følgjer slammet gjennom prosessen.

Slamhandsaming ved reinseanlegga

Vått kloakkslam frå Ulsåk vert frakta med sugebil til slambassenget ved Trøim reinseanlegg. Her vert alt slammet tilsett polymer og avvatna ved sentrifugering.

Avvatna slam vert samla i konteinarar og frakta til eit anlegg på Torpo der det vert kompostert.

 

Søknad om sanitærabonement

Skjema