Valdagen er måndag 13.september 2021
Opningstida i vallokalet er klokka 9.00 - 21.00
Hemsedal har ein røystekrins og vallokale på valdagen er Hemsedal kultursal for alle veljarar.
Me minnar om at du har høve til å stemme på førehand frå 10.august. Grunna pandemi-situasjonen er opningstidene i førehandsstemmelokala i år utvida.
Les meir om val under punkta til venstre på sida eller på valdirektoratet sine temasider valg.no
Buskerud valdistrikt sine lister til stortingsvalet
Det er framleis dei opprinnelege 19 fylka som utgjer dei 19 valgdistrikta i Norge (med justering for kommunar som er overført mellom fylke/valdistrikt). Dette inneber at Viken fylke har tre ulike valdistrikt: Akershus, Buskerud og Østfold.
Frå Buskerud valdistrikt skal det velgjast 8 representantar til Stortinget.
Totalt frå Viken fylke skal det velgjast 36 representantar.
Meir om mandatfordelinga mellom valdistrikta kan du lese på Valgdirektoratet sine sider.
Ved stortingsval er det fylkesvalstyret sitt ansvar å godkjenne parti og grupper sine framlegg til vallister.
Disse partia/gruppene kan du som er manntalsført i ein av kommunane i Buskerud valdistrikt stemme på ved stortingsvalet:
Vallister Buskerud - Stortingsvalet 2021