Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Førehandsrøysting

Om du ikkje har høve til / ynskjer å stemme på sjølve valdagen er det mogleg å stemme på førehand. Viss du har stemt på førehand kan du ikkje stemme på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje stemme på førehand fleire gonger.

Du kan stemme på førehand i kommunar kvar som helst i heile landet.  

Her kan du sjå framgangsmåten når du stemmer

På sjølve valdagen kan du berre stemme i den kommunen der du står i manntalet.

Tidlegstemming 1.juli - 9.august

Du kan stemme frå 1. juli dersom du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsstemming, og heller ikkje på valdagen.

I perioden 1. juli til og med 9. august kan du i Hemsedal kontakte Tenestetorget i kommunen og avtale tid for å stemme tidleg. Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.

Førehandsrøysting 10.august - 8.september

Den 10. august startar den ordinære førehandsstemminga. Du kan stemme på førehand fram til og med fredag 10. september. Det er kommunane som tek imot førehandsstemmer.

I Hemsedal kan du stemme på førehand i kommunehuset i ordinær opningstid: måndag til fredag kl. 09 – 15

10. – 25.august Tenestetorget
28. august – 8.september Foajé utanfor kultursalen

I tillegg vert det halde ope for førehandsstemming i foajé utanfor kultursal:

Laurdag   2. september kl. 10 - 14
Onsdag    6. september til kl. 19

Hugs å ta med valkort og legitimasjon!

Viss du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du er manntalsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at stemmen din når fram pr. post til heimkommunen din innan klokka 17 dagen etter valdagen.

Stemme i ein annan kommune

Viss du stemmer i ein annan kommune enn der du står i manntalet, vil ikkje den kommunen ha stemmesetlane for din kommune. Du kan då be om ein avkryssingsstemmesetel med namn på alle dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn, og må krysse av for/skrive på kva for parti/gruppe du vil stemme på.
Du kan ôg nytte stemmesetlar som du har med deg frå eigen kommune.

Studentar eller andre som ynskjer det kan, ved å sende ein epost til Tenestetorget, få tilsendt stemmesetelsett for Hemsedal kommune til opphaldsadressa si.

Viss du stemmer på førehand i ein annan kommune er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at stemmen din når fram pr. post til heimkommunen din innan klokka 17 dagen etter valdagen.

På sjølve valdagen kan du berre stemme i den kommunen der du står i manntalet.

Bygdaheimen

Kommunen tek imot førehandsstemmer på helse- og sosialinstitusjonar. For bebuarane på Bygdaheimen er det førehandsrøysting måndag 4. september kl. 10.30 - 12.30.

Dei som bur i trygde- og omsorgsbustader og dei tilsette kan og stemme på førehand denne dagen.

Er du sjuk eller ufør?

Viss du ikkje kan kome til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime eller der du held til.

Viss du får samtykke i å stemme heime, kjem valmedarbeidarar heim til deg og tek imot førehandsstemma der.

Søknad om å få stemme heime må vere komen til valstyret seinast tysdag 6. september.

Om du sender søknaden i posten er adressa :
Valstyret i Hemsedal
Kommunehuset, Hemsedalsvegen 2889
3560 Hemsedal

Søknaden må ikkje vere skriftleg, du kan og ringe Tenestetorget på 31408800 og melde frå om at du ynskjer å få stemme heime, eller send epost til tenestetorget@hemsedal.kommune.no

Stemme i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen

Veljarar som oppheld seg utlands, kan stemme på førehand anten i Noreg eller i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Dette gjeld for veljarar som er busette i utlandet, og for veljarar som oppheld seg mellombels i utlandet.

Du kan stemme på førehand i utlandet frå 3. juli til og med 1. september 2023. På Svalbard og Jan Mayen gjeld same periode som for førehandsrøysting innanriks, altså fram til siste fredag før valdagen. På Svalbard kan imidlertid Sysselmesteren bestemme at førehandsrøystinga  skal avsluttast tidlegare for å sikre at førehåndsstemmene kjem fram i tide. Men hugs at du sjølv er ansvarleg for å stemme så tidleg at stemma kjem fram til riktig kommune innan kl. 17.00 dagen etter valdagen. 

Det blir ikkje brukt valkort ved førehandsstemminga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.

Det er mogleg å stemme på førehand ved dei fleste norske utenriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos stemmemottakarar oppnemnde av Sysselmesteren på Svalbard og av Kommunal- og distriktsdepartementet.

Du kan og sende stemmen din i brev. Framgangsmåten for dette står i valforskrifta §28 (Lovdata). og du kan lese mer om det på valg.no