Sametinget er det folkevalde parlamentet for det samiske folket i Noreg og er eit sjølvstendig folkevalt organ.
Sametingsvalet blir halde kvart fjerde år på same dagen som stortingsvalet.
Det er 7 valkrinsar som dekkjer heile landet. Kvar valkrins får tildelt mandat etter talet på manntalsførte i krinsen. Til saman blir det valt 39 representantar frå heile landet.
Sametinget er øvste valorgan til sametingsvalet. Meir informasjon om Sametinget og sametingsval finn du på sametinget.no
Hemsedal kommune har mindre enn 30 manntalsførte samar.
Dette inneber at kommunen ikkje skal halde valting for sametingsvalet, og at samar som er manntalsførte her må stemme på førehand.
Førehandsstemminga skjer på same stader og tider som for stortingsvalet, fram til fredag 05.09.2025 klokka 15.
Veljar er sjølv ansvarleg for å førehandsstemme på eit tidspunkt som gjer at røystegjevinga kjem inn til samevalstyret eller oppteljingsvalstyret innan tysdag etter valdagen kl. 17.