Arbeiderpartiet
Fremskrittspartiet
Hemsedal Bygdeliste
Høyre
Kristeleg Folkeparti
Senterpartiet
SV - Sosialistisk Venstreparti
Venstre
Valstyret i Hemsedal godkjente 16.05.2023 listeforslag frå parti/gruppe i Hemsedal. Her finn du dei godkjente vallistene:
Lister til kommunestyrevalet i Hemsedal 2023
Både registrerte politiske parti og andre grupper kan stille liste ved val. Partiet eller gruppa arbeider ut forslag til valliste og sender det inn til valstyret innan fristen. Valstyret skal kontrollere at forslaget følgjer bestemmelsane i vallova og deretter godkjenne listeforslaga i møte.
Oversikt over innkomne listeforslag
Listeforslaga blir lagt ut her etterkvart som dei kjem inn til valstyret
Vallova har reglar om kva for krav som skal stillast til vallister: lenke til Lovdata.
Valgdirektoratet har god informasjon på sine sider: lenke til valg.no
Listeforslag må vere kome inn til kommunen innan fristen klokka 12.00 den 31.mars i valåret
Posten må vere komen fram, eller forslaget må vere levert direkte, innan fristen.
Same frist gjeld viss listeforslaget vert levert elektronisk via den nye listeportalen.
Det er forslagsstillarane som har ansvar for å sjå til at forslaget kjem fram i tide. Listeforslaga vert lagt ut til offentleg ettersyn etter kvart som dei kjem inn til valstyret.
Fristen for å trekkje tilbake eit listeforslag er 20. april kl. 12.00
Det er tillitsutvalet for eit listeforslag som har mynde til å trekkje listeforslaget tilbake. For uregistrerte parti og grupper bør det difor gjevast opp namn på eit visst tal personar av dei som har skrive under på listeforslaget som skal fungere som tillitsutvalg. Er ikkje tillitsutvalg spesifisert er det dei fem øvste underskrivarane å sjå på som tillitsutval og dei neste tre som vara.
For registrerte parti er det styret for lokalavdelinga som utgjer tillitsutvalet.
Kven som kan veljast til kommunestyret
Vallova har reglar om kven som kan veljast og har plikt til å ta imot val til kommunestyre: Veljast til kommunestyret kan alle som har stemmerett ved valet, og som på valdagen er folkeregistrert som busette i kommunen, og som ikkje er utelukka eller friteken.
Det vil seie at kandidatane anten må vere norske statsborgarar eller utanlandske statsborgarar som har stått innført i Folkeregisteret som busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. For statsborgarar frå dei andre nordiske landa er det tilstrekkeleg at dei har flytt til Noreg og er registrerte i Folkeregisteret innan skjeringsdatoen for manntalsregistreringa, som er den 30. juni. Vidare må kandidatane ha fylt 18 år innan utløpet av valåret.
Kven som er utelukka frå val til komunestyret står i vallova §3-3(3).
Kven som kan krevje seg friteken for val står i §3-4.
Vallova finn du her: lenke til Lovdata
Kor mange namn på lista? Kven kan få stemmetillegg? Kva for opplysningar skal stå?
For val til kommunestyre stiller vallova krav om at det er oppført minst sju kandidatnamn på lista. Oppover er det ei maksimumsgrense på like mange kandidatar som det skal veljast representantar pluss eit tillegg på inntil seks kandidatnamn. På forslag til vallister til kommunestyrevalet i Hemsedal skal det etter dette stå mellom 7 - 23 namn.
Ved kommunestyreval kan dei øvste kandidatane på lista gjevast eit stemmetillegg. Desse kandidatane får då eit tillegg i sitt personlege røystetal som svarar til 25 prosent av talet på røystesetlar som lista får ved valet. Dei kandidatane som får eit slikt røystetillegg frå partiet, skal stå først på listeframlegget og med utheva skrift. I Hemsedal kan inntil 4 kandidatar få slikt tillegg.
Listeforslaga skal innehalde fornamn, etternamn og fødselsår til kandidatane. Det er opp til forslagsstillarane om dei i tillegg ønskjer å føre på stilling og/eller bustad for kandidatane. Dersom det er nødvendig for å unngå forveksling av kandidatane på lista, skal stilling og/eller bustadsadresse gjevast opp. Viss opplysning om stilling og/eller bustad til kandidatane blir ført opp på listeforslaget, må dette gjerast for alle kandidatane på lista.
I Hemsedal har det vore vanleg å berre bruke namn og fødselsdato på listene.
Brosjyra "Val - 100 år med allmenn stemmerett for kvinner" utgjeve av Kommunal- og regionaldepartementet i 2010 forklarar betydinga stemmetillegg gjeve frå partia på stemmesetelen på ein god måte (lenke til regjeringen.no)
Krav til underskrifter på listeforslag
Vallova set som krav at listeforslag skal ha eit visst tal underskrfter.
Kva for parti kan stille liste etter forenkla regelverk?
Det følgjer av vallova at registrerte politiske parti som ved stortingsvalet i 2021 anten
- fekk minst 500 stemmer i eit fylke, eller
- fekk minst 5 000 stemmer på landsbasis, eller
- er blitt registrert i Partiregisteret etter forrige stortingsval
kan stille valliste ved kommunestyrevalet 2023 etter forenkla reglar når det gjeld krav til underskrifter på listeforslaget. For desse er det tilstrekkeleg at listeforslaget er underskrive av to styremedlemer i partiet sitt lokallag. Underskrivarane må ha stemmerett i kommunen.
Kva for parti som kan stille liste etter desse reglane finn du her: valg.no
Andre parti / grupper
For parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om såkalla ”forenkla modell” må det samlast inn eit visst tal underskrifter på listeforslaget frå personar med stemmerett i kommunen. Ved kommunestyreval må det samlast inn så mange underskrifter at det utgjer 2 % av talet på røysteføre ved førre kommunestyreval. For Hemsedal utgjer dette 38 underskrifter for lister til valet i 2023.
Viss du vil lese meir om listeforslag og krav til disse finn du dette på regjeringa sin valportal Valg.no
Levere listeforslag / samle underskrifter elektronisk
Nytt i 2023 er at Valgdirektoratet har utvikla ei elektronisk løysing der parti/grupper kan opprette, samle inn underskrifter og levere inn listeforslag digitalt. Meir om dette og steg-for-steg forklaring på korleis ein brukar listeportalen finn du her: Valgdirektoratet - opprette elektronisk listeforslag
Mal for listeforslag (på papir)
Dei som ønskjer å levere inn forslag til vallister i Hemsedal kan gjerne bruke denne malen, les rettleiing først og hugs å leggje ved vedlegga som skal følgje med:
Vedlegg til listeforslag pdf.fil Vedlegg til listeforslag docx.fil
Listeforslag 2-sidig pdf.fil Listeforslag 2-sidig docx.fil
Parti/grupper som ikkje kan stille liste etter forenkla regelverk men som må samle underskrifter kan nytte denne malen:
Listeforslag 2-sidig pdf.fil Listeforslag 2-sidig docx.fil
Viss du ikkje kan skrive ut 2sidig kan du få hjelp til dette i tenestetorget. Du kan gjerne bruke listemalar frå eige parti, malane på denne side er berre eit tilbod.
Valgdirektoratet har ôg listemalar og god informasjon på sine nettsider: https://www.valg.no/om-valg/stille-til-valg/listeforslag-pa-papir/
Meir om listeforslag til kommunestyrevalet
Valstyret i Hemsedal arbeider med godkjenning av listene i april/mai og skal innan 1.juni avgjere om forslag til vallister og tilbakekallingar av listeforslag kan godkjennast.
Behandling av listeforslaga i valstyret
Valstyret skal undersøkje om dei listeforslaga som er komne inn, fyller krava i lova, under dette om forslagsstillarane og kandidatane oppfyller krava i vallova.
Om det trengst skal valstyret ved forhandlingar med den tillitsvalde for lista arbeide for å få listeforslaget i samsvar med krava i lova.
Melding til kandidatane
Valstyret skal gje melding til alle kandidatane på vallistene om at dei er sette opp på eit listeforslag. I meldinga vert det opplyst om grunnane for å kunne krevje seg friteken for val. Kandidatane får ein frist for å melde frå til valstyret i Hemsedal viss dei ynskjer å krevje fritak frå å stille til val.
Endringar i listeforslag etter at innleveringsfristen har gått ut
Det følgjer av valforskrifta at når innleveringsfristen har gått ut, kan forslagsstillarane berre gjere dei endringane på listeforslaget som er nødvendig for å bringe forslaget i samsvar med vallova og forskrifta til denne lova.
Godkjenning av vallistene
Valstyret må ta stilling til listeforslaga seinast 1. juni. Seinast same dato skal dei godkjende listeforslaga (dei offisielle vallistene) leggjast ut til gjennomsyn.
Melding til forslagsstillarane
Så snart listene er godkjende må valstyret sende melding til dei tillitsvalde og sende dei ein kopi av det godkjende listeframlegget.
Blir listeforslaget ikkje godkjent må valstyret snarast sende melding til den tillitsvalde om dette og samstundes opplyse om høvet til og vilkåra for å klage.
Klage
Vallova fastset at det er høve til å klage innan ein viss frist for dei som meiner valstyret må gjere om eit vedtak om å godkjenne eller forkaste eit listeforslag. Fristen er 7 dagar frå offentleggjeringa av overskrifta på dei godkjende vallistene. Bakgrunnen for regelen er å førebyggje ugyldige val ved å rette opp eventuelle feil før valet. På den måten vil ein sleppe å gå i uvisse når det gjeld om valet vil bli gyldig eller ikkje.