Du kan stemme på førehand i alle kommunar i heile landet frå 11.august til 5.september.
Her kan du sjå framgangsmåten når du stemmer (lenke kjem)
På sjølve valdagen kan du berre stemme i den kommunen der du står i manntalet.
Tidlegstemming 1.juli - 8.august
Du kan tidlegstemme frå 1. juli dersom du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsstemming eller på valdagen.
I perioden 1. juli til og med 8. august kan du i Hemsedal kontakte Tenestetorget i kommunen og avtale tid for å stemme tidleg. Ta med legitimasjon.
E-post: tenestetorget@hemsedal.kommune.no
Telefon: 31 40 88 00 (kvardagar klokka 10 - 14)
Førehandsrøysting 11.august - 8.september
Den 11. august startar den ordinære førehandsstemminga. Du kan stemme på førehand fram til og med fredag 8. september.
I Hemsedal kan du stemme på førehand i kommunehuset i ordinær opningstid: måndag til fredag kl. 09 – 15
11. – 22.august | Tenestetorget |
25. august – 5.september | Foajéen utanfor kultursalen |
I tillegg vert det halde ope for førehandsstemming i foajé utanfor kultursal:
Laurdag 30. august kl. 10 - 14
Onsdag 3. september til kl. 19
Hugs å ta med legitimasjon!
Stemme i ein annan kommune
Viss du stemmer i ein kommune i eit anna fylke enn der du står i manntalet, vil ikkje den kommunen ha stemmesetlane for ditt fylke. Du kan då be om ein avkryssingsstemmesetel med namn på alle dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn, og må krysse av for/skrive på kva for parti/gruppe du vil stemme på.
Du kan òg nytte stemmesetlar som du har med deg frå eigen kommune/fylke.
Viss du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du er manntalsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at stemmen din når fram pr. post til heimkommunen din innan klokka 17 dagen etter valdagen.
På sjølve valdagen kan du berre stemme i den kommunen der du står i manntalet.
Bygdaheimen
Kommunen tek imot førehandsstemmer på helse- og sosialinstitusjonar. For bebuarane på Bygdaheimen er det førehandsrøysting måndag 1. september kl. 10.30 - 12.30.
Dei som bur i trygde- og omsorgsbustader og dei tilsette kan òg stemme på førehand denne dagen.
For veljarar som oppheldt seg på institusjonen er det eit mogeleg unntak frå kravet om legitimasjon. Viss veljar ikkje har legitimasjon tilgjengeleg kan ei tilsett ved institusjonen gå god for veljaren sin identitet. Vilkåret er at den tilsette kan legitimere seg.
Er du sjuk eller ufør?
Viss du ikkje kan kome til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime eller der du held til.
Då kjem to valmedarbeidarar heim til deg og tek imot førehandsstemma der.
Søknad om å få stemme heime må vere komen til valstyret seinast torsdag 4. september klokka 12.
Søknaden må ikkje vere skriftleg, du kan òg ringe Tenestetorget på 31408800 og melde frå om at du ynskjer å få stemme heime, eller send e-post til tenestetorget@hemsedal.kommune.no
Om du sender søknaden i posten er adressa :
Valstyret i Hemsedal
Kommunehuset, Hemsedalsvegen 2889
3560 Hemsedal
Stemme i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen
Veljarar som oppheld seg utlands, kan stemme på førehand anten i Noreg eller i utlandet. Det er mogleg å stemme på førehand ved dei fleste norske utanriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos stemmemottakarar oppnemnde av Sysselmesteren på Svalbard og av Kommunal- og distriktsdepartementet.
Du kan stemme på førehand i utlandet frå 1. juli til og med 29. august 2025. Meir om dette kan du lese på valg.no
Veljarar i utlandet som ikkje har høve til å oppsøke ein stemmemottakar, kan stemme ved brevpost. Veljar er sjølv ansvarleg for at førehandsstemma kjem fram til valstyret innan klokka 17 dagen etter valdagen. Framgangsmåten står i valforskrifta §8-3 (Lovdata).