Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Slik gjer du når du skal stemme på førehand

Hugs å ta med legitimasjon!

Skal du stemme på førehand i kommunen der du står i manntalet, gjer du det slik:

 

Gå til eit ledig valavlukke.

Steg 1 for å stemme

Ta den stemmesetelen du vil bruke.

Steg 3 for å stemme

Brett stemmesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut - då kan ingen sjå kva du stemmer.

Det skal ikkje brukast konvolutt eller anna omslag rundt stemmesetelen.

Steg 4 for å stemme

Gå til ein valfunksjonær, og få stempel på utsida av stemmesetelen. Dette er viktig for at stemmesetelen skal bli godkjent.

Steg 5 for å stemme

Legg stemmesetelen i valurna.

Det er ikkje høve til å gjere endringar på stemmesetelen som å stryke eller endre rekkefølgja på kandidatar.

 

Stemmer du på førehand i ein annan kommune enn der du er registrert i manntalet?

Du står i manntalet i kommunen der du er folkeregistrert som busett per 30. juni 2025.

Viss du stemmer på førehand i ein annan kommune får du utdelt en stemmesetel som berre er påført dei registrerte politiske partia sine namn, utan kandidatnamn. Du må då krysse av for, eller skrive på, kva for parti eller gruppe du vil stemme på.

Når stemmesetelen er stempla av ein valmedarbeidar legg du den i en stemmesetelkonvolutt. Denne vert lagt i ein omslagskonvolutt, som leggjast i valurna.

Stemmen din blir sidan sendt til heimkommunen din for oppteljing.