Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Skjenkeløyve for alkohol

Når treng du skjenkeløyve?


Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld vanlegvis i fire år.

  • Når du har serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve.
  • Når du skal starte ein serveringsstad med skjenking må du søke om skjenkeløyve før oppstart.
  • Når du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at din søknad vert behandla.
Endring i løyva

Er det endring i skjenke/sal/serveringsløyva: areal, styrar, vikar for styrar etc. Bruk dette skjema til å sende inn endringen.

Elektronisk skjema for endring i eksisterande løyve


Korleis få skjenkeløyve?
  • styrar og vikar for styrar må ha bestått kunnskapsprøve i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyve
  • dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve
  • styrar og vikar for styrar må vere over 20 år
  • styrar og vikar for styrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
  • det er krav om uklanderleg vandel
Slik søker du

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart.

Søk om fast skjenkeløyve

 

Vedlegg du må ha med i søknaden

  • firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.no
  • foretaksregisteret si rolleoversikt for fysiske personar som eig meir enn ein tredel av føretaket og for føretaket sin daglege leiar. Last ned rolleoversikta frå altinn.no
  • skatteattest for driftsselskapet. Du kan bestille skatteattesten på altinn.no
  • teikning av lokalet med avmerking for inne- og uteservering
  • vitnemål frå kunnskapsprøve om alkohollova som stadfestar at styrar og vikar for styrar har greidd prøva
  • såkalla "konseptutgreiing": opplysningar om kva slag skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknyting til skjenkestaden
Kor lang tid tek det?

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden din. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk i kommunen.

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om skjenkeløyve, men alle som har eit skjenkeløyve skal betale årleg bevillingsgebyr til kommunen. Dette gjøres ved å melde inn forventa omsetning - omsetningsrapport. 

Korleis levere omsetningsrapport?

Alle som har eit salsløyve for alkohol skal betale eit årleg gebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol salsstaden forventar å selje neste år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta kapittel 6.

Her kan du melde inn omsetningsrapport

Meir informasjon om omsetningsrapport

 

Lov, forskrift og lokale vedtak

Alkohollova

Alkoholforskrifta

Alkoholpolitiske retningslinjer Hemsedal kommune

Serveringslova