Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kunnskapsprøve i alkohollova

Det er to typar kunnskapsprøver. Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. Skal du vere skjenkestyrar eller vikar for styrar for ein stad med sals- eller skjenkeløyve må du ha bestått kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år.

Kor kan du ta prøvane?

Du kan ta prøvane på tenestetorga i kommunen. Ring oss på 31 40 88 00 eller send epost tenestetorget@hemsedal.kommune.no for å avtale tidspunkt. Det er nok å avtale nokre dagar i forkant.

Gjennomføring av prøvane

  • Dette er ein fleirvalsprøve og består av 30 spørsmål. For å få bestått må du ha 24 rette svar.
  • Du vil få 60 minutt til å svare på prøva.
  • Du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøva første gongen.
  • Prisen for å ta prøva er 400 kroner kvar gong.
  • Ta med gyldig legitimasjon når du skal avlegge prøva.
  • Prøva er på norsk, og det er ikkje høve til å ha med tolk. Du kan bruke norsk ordbok.

 

Pensum

  • Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 3, 7, 8 og 9 med forskrifter
  • Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 4, 5, 7, 8 og 9 med forskrifter.
  • I tillegg kan du kjøpe læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv" - prøvar via Vinn.no

Prøvebevis

Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis som er ein dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.

Har du spørsmål?

Ring oss på telefon 31 40 88 00 eller send epost til tenestetorget@hemsedal.kommune.no

Lover og forskrifter

Alkohollova
Alkoholforskrifta