Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Velferdsteknologi

Vi jobbar for utvikling og bruk av velferdsteknologi innan for helse- og omsorgstenesta. Målet er at innbyggjarane skal meistre sin eigen kvardag, og føle seg trygg i eigen heim.

Kva er velferdsteknologi?

Dei fleste ynskjer å klare seg sjølv så lenge som mogleg. Velferdsteknologi i helse og omsorgstenesta er med på å bidra til at fleire kan bu lengre heime, og legge til rette for at kvar enkelt skal meistre eige liv og helse.

Velferdsteknologi er hjelpemiddel som blant anna kan bidra til auka tryggheit, meir mobilitet og fleire moglegheiter for soisial deltaking. Det kan bidra til å styrke innbyggjarane si evne til å klare seg sjølv i kvardagen til tross for sjukdom, psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne.

Velferdsteknologi kan vere alt får avansert medisinsk oppfølging med digitalte tilsyn,  tryggleiksalarm og elektroniske medisindispenser.

Kontaktinformasjon

Tildelingskontoret: tlf.  948 11304

Søknadsskjema - elektronisk

Søknadsskjema - utskrift

Søknaden skal sendast til:

Hemsedal kommune
Tildelingskontoret
Imrevegen 30
3560 Hemsedal