Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er eit tilbod til heimebuande som føler seg svært utrygge. Alarmen skal bidra til auka tryggleik slik at brukarane kan bu heime, eller i omsorgsbustad, så lenge som mogeleg. I ein akuttsituasjon skal brukar ved hjelp av tryggleiksalarm komme raskt i kontakt med helsepersonell.

Kriteriar for tildeling
  • Det må vera søkt om å få alarm.
  • Brukar må ha eigen mobiltelefon.
  • Brukar må kunne forstå tryggleiksalarmen sin funksjon.
  • Einslege vert prioritert, men for søkjarar i ein familiesituasjon skal familien sin totalsituasjon verta vektlagt.
  • Brukar har redusert rørsleevne med fare for fallulykker.
  • Brukar føler stor grad av utryggleik.
  • Brukar har kronisk sjukdom som hindrar bruk av vanleg telefon.
  • Brukar har alvorlig sjukdom der behovet for fagleg bistand frå helsepersonell/akutt hjelpebehov kan oppstå.
  • Brukar har teknisk utstyr (eks. seng, rullestol og liknande) som kan svikta, og som kan føra til behov for hjelp utanfor rekkevidde av vanlig telefon.
Kva får du?
  • Mogelegheit for å tilkalle hjelp 24 timar i døgnet.
  • Opplæring i bruk av alarmen.
  • Når brukaren har behov for hjelp, skal denne vera på plass så raskt som mogeleg.
  • Brukarar av tryggleiksalarm er kopla mot alarmsentral, som vidareformidlar alarmen til rett instans.
  • Telefonisk kontakt eller bistand frå helsepersonell ved utløyst alarm.
  • Test av alarm i samsvar med rutine.
Kva må du gjera?
  • Søkja tildelingskontoret om tryggleiksalarm.
  • Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket og tenesteskildringa.
  • Ta kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og ev. klage.
  • Alarmen vert nytta når uventa situasjonar oppstår.
  • Alarmen skal berast heile døgnet.
  • Brukar varslar vaktsentral ved lengre fråvær.
  • Alarmen vert handsama forsvarleg.
  • Samtykke til at nøkkelboks vert montert på utsida av huset for innlåsing av husnøkkel.
  • Brukar eller deira pårørande syter for framkomeleg veg til bustaden.
Kva kostar det?

Brukar må betale månadsleige for tryggleiksalarm. Leiga vert fastsett årleg av kommunestyret. 

Lovgrunnlag

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Ved søknad skal enkeltvedtak fattast. Vert tryggleiksalarm vurdert som ei nødvendig teneste, vert det gitt vedtak på tildeling som ein del av praktisk bistand med heimel i Helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav b.

Søknadsskjema - elektronisk

Søknadsskjema - utskrift

Søknaden skal sendast til:

Hemsedal kommune
Tildelingskontoret
Hemsedalsvegen 2889
3560 Hemsedal

Kontaktinfo

Heimebaserte tenester tlf: 917 24 986