Tilbodet består av ferdig laga middag som ein kan få tilkjørt ein eller fleire dagar i veka. Tenesta skal vera eit supplement for å dekkja ernæringsbehovet til innbyggjarar som av ulike årsaker ikkje er i stand til å dekka dette behovet fullt ut sjølv, og på den måten førebyggja feilernæring og sjukdom.
Kriterier for tildeling
- Det må føreliggja søknad frå brukar.
- Brukar må opphalda seg i kommunen.
- Brukar bur heime og har fysisk, psykisk eller sosial funksjonshemming som gjer at ein ikkje er i stand til å ivareta ernæringsbehovet sitt.
Kva får du?
- Maten som vert køyrt ut til brukar ein eller fleire gonger i veka etter vedtak. Tal dagar framkjem i vedtaket.
- Behov for å auka eller redusert tal på dagar med matlevering må avklarast med kjøkkenet. Det vert laga meny for 6 veker av gongen.
- Diettmat vert levert dersom det er medisinske årsaker til det.
Kva må du gjere?
- Avbestilling må skje seinast kl. 11 leveringsdagen. Det vert fakturert for middag som ikkje er avbestilt innan fristen.
- Brukar må vera tilstade ved levering eller syta for at nokon tek i mot maten.
Kva kostar det?
- Betalingsats matombringing
- Pris per porsjon vert vedteke årleg av kommunestyret - betalingssatsar for omsorg og pleie
- Faktura vert sendt ut på etterskot etter kvar månad.
Lovgrunnlag
Dette er ikkje ei lovpålagt tjeneste, men vedtak kan bli gitt etter Helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav b.
Søknadsskjema - elektronisk
Søknadsskjema - utskrift
Søknaden skal sendast til:
Hemsedal kommune
Tildelingskontoret
Hemsedalsvegen 2889
3560 Hemsedal
Kontaktinformasjon
Hemsedal Bygdaheim Tlf: 31 40 88 60
Heimebaserte tenester tlf: 917 24 986
Kjøkkenet tlf: 970 58 820
Avdelingsleiar Hemsedal Bygdaheim Hege Owesen (epost)
Avdelingsleiar Heimebaserte tenester Line Strandberg (epost)
Konsulent Marianne Brenno Nygård (epost)