Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Permisjon frå undervisninga

Foreldre kan søke om at barnet deira får permisjon frå den pliktige undervisninga i inntil to veker. Vil du som føresett ta barnet ut av skulen utover to veker, må du melde eleven ut av skulen.

Slik søker du

Du søker via Visma Flyt Skule om permisjon frå undervisninga. Som føresett kan du logge inn med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).

Søk om permisjon frå undervisninga

Søknadsfrist for skulefri inntil to veker

Søknadsfristen er normalt to veker før fritaket startar, om ikkje anna er avtalt med skulen.

Reglar for skulefri inntil to veker

Det er rektor på skulen som avgjer søknaden om permisjon. Permisjonen må vere fagleg forsvarleg og dei føresette må syte for at barna får nødvendig undervisning i permisjonstida. Barna skal altså kunne følgje med i undervisninga på vanleg måte når dei kjem tilbake.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere vekke frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag.

Høve til å få permisjon er heimla i opplæringslova § 2.11.

Reglar for skulefri utover to veker

Dersom føresette vil ta eit barn ut av skulen i meir enn to veker, skal dei melde eleven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Eleven mistar retten til opplæring i utmeldingsperioden, og kommunen har ikkje lenger noko ansvar for opplæringa. No er det dei føresette som er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift. Det er kommunalsjefen for skulane i kommunen som avgjer søknaden om skulefri utover to veker.

Ulovleg fråvær

Dersom føresette held barnet vekke frå skulen lenger enn den tida dei har fått innvilga gjennom søknad om permisjon, vert dette rekna som ulovleg fråvær, jfr. opplæringslova § 2-1 siste avsnitt.

Føring av fråvær på vitnemålet 

Eleven og foreldre kan kreve at at fråvær på tilsaman 10 dagar ikkje skal førast på vitnemålet. Dette gjeld dokumentert fråvær. Det er kun heile dagar som kan strykast frå vitnemålet.
Les meir om dette her

Send melding eller e-post til skulen om de vil kreve fråtrekk av fråvær på vitnemålet.