Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ulsåk barnehage

Postadresse

Ulsåk barnehage

Hemsedalsvegen 2889

3560 Hemsedal

Kontaktinfo

Ulsåk barnehage
Tlf. 31 40 89 75

Trude Taaje, styrar
Tlf. 468 11 942
E-post: trude.pettersen@hemsedal.kommune.no

Geiteberget Tlf. 468 06 411
Storehødn Tlf. 948 39 101
Krikken Tlf. 468 14 460
Nibbi Tlf. 900 46 530
Totten Tlf. 468 21 353
Veslehødn Tlf. 468 10 624

Ulsåk Oppvekstsenter, avd. barnehage

Vi er ein barnehage med seks avdelingar for barn frå 1 -5 år, der det er tre småbarnsavdelingar med 9 til 12 barn per avdeling, og to avdelingar er for barn frå 3-5 år, og ein avdeling med 6-åringar - alle på tilsaman 18 barn per avdeling.  Vi som arbeider i barnehagen legg vekt på eit godt miljø for både barn og vaksne, basert på tryggleik, omsorg, glede og humør. Trivsel og tryggleik er viktige føresetnader for god læring. 

Barnehagen sitt satsingsområde:

For barnehageåret 2020/2021 jobbar vi med sosial kompetanse og med å førebyggje mobbing, gjennom programmet "Være sammen".

Lenke til 1-årig pedagogisk årsplan

Lenke til årshjul FAU

Lenke til langsiktig plan

Samarbeid med skulen:

Barnehagen ligg på same område som skulen/SFO, som har barn frå 1-4. klasse. Vi deler ein stor og god uteleikeplass, der barnehagen og skulen har eit felles ansvar for barna. Vi er også så heldige å ha oppkøyrte skiløyper på jordet ved sidan av barnehagen, som har rasteplass i løypa, og er kobla på løypenettet ellers. Det er jamleg felles møter mellom barnehage og skule, og vi har gode rutiner for overgang frå barnehage til skule.