Meir informasjon om Miljøfyrtårn kan du lese her: www.miljofyrtarn.no
Miljøfyrtårnarbeidet i Hemsedal kommune
Hemsedal kommune vedtok å innføre Miljøfyrtårnprogrammet i 2008, og i 2009 vedtok kommunen vidare at alle kommunale verksemder skulle verte sertifisert som Miljøfyrtårn. Hemsedal kommunehus vart sertifisert som miljøfyrtårn i 2009 og i åra etter vart HBU, Ulsåk oppvekstsenter, Tuv oppvekstsenter, Legekontoret og Bygdaheimen sertifisert som miljøfyrtårn.
Innføring av Hovedkontormodellen
Hovedkontorkravet forankrar miljøstyringssystemet på hovedkontoret og i hele verksemda, og avklarar kva for prosessar og miljøkrav som vert oppfylt av hovedkontoret (eksempel kommunehuset) og ikkje av den enkelte underliggande eining (eksempel barnehage). Hovedhensikta med denne modellen er å få eit kvalitativt best mogleg utbytte av Miljøfyrtårn i heile verksemda.
Hovedkontoret (Hemsedal kommunehus) vart sertifisert 18. november 2022 - jfr. beslutningsnotatet.
Årlig rapportering klima og miljø
Hemsedal kommune, kommunehuset - klima og miljørapport 2021.pdf
Hemsedal barne- og ungdomsskule - Klima og miljørapport 2021.pdf
Tuv Oppvekstsenter - Klima og miljørapport 2021.pdf
Ulsåk oppvekstsenter - Klima og miljørapport 2021.pdf
Miljøfyrtårn i privat sektor
Fleire små og mellomstore verksemder i Hemsedal er også sertifiserte som miljøfyrtårn. Per nå er det 11 stk.
Meir informasjon om desse verksemdene finn du her Avansert søk virksomheter - Stiftelsen Miljøfyrtårn