Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Takk for laget!

Tusen takk for deltakinga og det store engasjementet gjennom heile Quiz Touren, og til våre super-hosts i the Grand Finale Adrian Seligmann og Bjørn Holte! Det var GØY!

Dette har vore eit heilt spesielt prosjekt å få vere del av.
6 quizar – over 6 månader – på 6 ulike serveringsstader.
Kvar kveld har hatt si eiga stemning, sine eigne folk og sitt eige særpreg – men med same kjensle av fellesskap i botnen.

Vi vil rette ein stor takk til alle serveringsstadene som har opna dørene sine, til quizmasterane som har skapt engasjement og latter, og til kvar einaste deltakar som har møtt opp, bidratt, heia og gjort dette til meir enn «berre ein quiz».

Ein særleg stor takk går til serveringsstader, enkeltpersonar og lokale næringsaktørar som har sponsa så mange fine premiar gjennom vinteren. Denne viljen til å bidra seier mykje om bygda vår.

Det engasjementet vi har sett, har gitt så mange positive ringverknader:

  • ein lågterskel sosial møteplass
  • nye bekjentskap – både mellom deltakarar og quizmasterar
  • nye ansikt rundt borda, og ja – til og med nye innbyggjarar (!!)
  • og ikkje minst: vi har fått sjå nye sider av både kvarandre og bygda vår

Dette er akkurat slik lokalsamfunn byggjast – gjennom møte, latter, samarbeid og frivillig innsats.

💛 Tusen takk til våre sponsorar og samarbeidspartnarar:
DØLI Peppes Pizza (Hemsedal) Hemsedal Cafe Skogstad Hotell, Hemsedal Fyri Resort Stavkroa Hemsedal Innkjøpslager, Hallingdal Reklame, Hemsedal Flatbrødbakeri AS Yoga Hemsedal Devor foto Bang Slalom, HYGGE Stugu, Gastrofon, Kroken bar og bistro, Kiwi Hemsedal, Hemsedal Idrettslag, Spar Hemsedal, Fjellnytt, Åreknuten, RipTape, Sticker100.com, Elektroteam Hemsedal, Hemsedal Kino, Caroline Sand SkiStar Hemsedal O'learys Hemsedal, Hemsedal Møbler, Hemsetind, Scandinavian Alps Coffee roasters, Skigaarden Hemsedal Sport, Kur Sauna Coop Extra Hemsedal, Himmelspannet Maduh, Løv Helsekost, Montèr Hemsedal, Woolf Merino, Maxbo Hemsedal, Ravn, 8glass Purgatory, Marcus Hill, Mobilis klinikken, Würth Group Hallingdal, Evershine, Fargerike Hemsedal, Det Lille Fjellbakeriet.

Vi håpar dette berre er starten, og at Quiz Touren har vore med på å vise kva vi får til når vi gjer ting i lag.

Takk for oss – og takk for dykk!

 

FLYER_oppd270126.jpg

196e85e9-dad8-447a-b6a2-24b2565c3ace.jpg

8708e174-26b9-4ec1-a9fb-26ee93fbcf2d.jpga5f5a49b-2a82-4873-a9ca-2f01afd3df2b.jpgb1c843d1-7b35-41ab-85c8-e4db50f120ff.jpg

a61ecf4a-5235-4148-9a7c-8b269ab54129.jpg

sponsor 1.png

sponsor 3.png

sponsor 4.png

Sist endret: 11.05.2026