Pårørandeskulen sine mål
- Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar.
- Gje innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens.
- Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar og aktuelle lover, og korleis ein kjem i kontakt med hjelpeapparatet.
- Tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon.
På pårørandeskulen legg vi vekt på openheit i trygge omgjevnader. Fortrulege opplysningar som kjem fram, skal bli verande mellom deltakarane.
Informasjon
Arrangør: Demensnettverket i Hallingdal
Pårørandeskulen er eit samarbeid mellom alle kommunane i Hallingdal.
- For deltakarar frå Hol, Ål, Hemsedal og Gol møtest vi i kommunestyresalen på Gol.
- For deltakarar frå Flå er oppmøte på Solgløtt dagsenter.
- For deltakarar frå Nesbyen er oppmøte på Kaffistugu (over biblioteket).
Kurset har tre samlingar frå kl. 17.00 til 21.00 med følgjande tema:
Datoar og tema
19. oktober
- Sjukdomslære ved lege.
- Kommunikasjon med personar med demens ved Kari Fossli.
26. oktober
- Pasient- og brukarombodet, framtidsfullmakt.
- Velferdsteknologi og hjelpemiddel ved Åse Ingunn Midtgård.
2. november
- Pårørandehistorie ved Tore Bøygard.
- Endringar i parforholdet og familierelasjonar. Ulike sorgreaksjonar ved tap av relasjon ved diakon Børge Bekkestad.
- Eigenomsorg og livsmeistring for pårørande ved Ragna Torkelsgard.
Det vert enkel servering på alle kurskveldane.
Påmelding
Demenskontakt i Hemsedal:
Kristin Margrethe Aas
kristin.margrethe.aas@hemsedal.kommune.no
Tlf. 902 85 262
Påmeldingsfrist: 5.oktober