Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Mellombels endring i trafikkavvikling på Tuv

Frå og med veke 42 vert avkøyringa frå RV52 på Tuv lagt om i samband med anleggsarbeid.

• Det vert etablert eigen kjøyreveg med tung sikring for kjøyrande trafikk.
• Gangtrafikk skal nytte mellombels gangveg langs austsida av området.
• Anleggsområdet er inngjerda, og ferdsel inne på området er ikkje tillate.
 
Vi ber alle trafikantar vise omsyn og følgje dei mellombelse trafikkreguleringane medan arbeidet går føre seg.
Hemsedal kommune takkar for forståinga medan arbeidet pågår.
 

Sist endret: 08.10.2026