Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Mellombels endring i trafikkavvikling på Tuv - stenging av veg

I samband med anleggsarbeid på Tuv vert brua ved Tuv barnehage stengd for køyretøytrafikk, og det vert etablert omkøyring via Evjusvingen og Røggevegen.

Endringa er venta å tre i kraft torsdag 22. oktober eller fredag 23. oktober, avhengig av framdrifta i arbeidet.

* Køyretøy til eigedomane i området skal nytte omkøyring via Røggevegen.

* Det vert oppretthalde ein mellombels gangveg gjennom området for gåande og syklande, som vist på skissa.

* Anleggsområdet er inngjerda, og ferdsel inne på arbeidsområdet er ikkje tillate.

Vi ber alle trafikantar vise omsyn og følgje dei mellombelse trafikkreguleringane medan arbeidet går føre seg. Hemsedal kommune beklagar ulempene og takkar for forståinga medan arbeidet pågår.

Mellombels endring trafikk_Tuv.png

Sist endret: 21.10.2026