Kjære bygdefolk og alle andre: Gratulerer masse med dagen.
Eg står her no for å ha gleda av å skulle dele ut kulturprisen i Hemsedal Kommune til ein absolutt verdig vinnar.
Prisen kan jo delast ut til einskildpersonar som har lagt ned ein ekstra innsats for bygda, og det har absolutt årets prisvinnar gjort ,langt utover det vi kan forvente av ein einkeltperson.
Prisvinnaren er engasjert på mange områder og felt i bygda vår og det gjev storslåtte utslag for at vi har eit breitt og aktivt kulturliv som vi kan vere stolt av i kommuna vår.
Vinnaren får eit bilete av lokal kunstnar som er Mona Øino Øen fra Ål og bilete har eit personleg uttrykk i tillegg vert det delt ut eit flott diplom og sjølvsagt ein blomebukett på nasjonaldagen.
Alle innbyggarane i kommuna vår har moglegheot til å nominere prisvinnarar og det er hovedutval for Livsløp som gjer vedtaket utifra innsendte og eigne forslag. Årets forslagstiller har vist til mange område som årets prisvinnar er engasjert og her kjem ein del av begrunnelsen.
- Prisvinnaren har vore utruleg viktig i bakgrunnen og kulissane gjennom ei årrekke i bygda
- Vinnaren har vore særs engasjert i kultur,historie og dialektarbeid og ivaretaking
- Mange år med i Hemsedal Mållag samt vore leiar i mange år
- Vore sentral i arbeid med dialektleir og dialektarbeid retta mot barn og unge
- Mange år som leiar i Samhald
- Redaktør av Dølaminne i fleire år
- Forfattar og omsetjar for mange spelestykkje for ungdomslaget
- Viktig rolle i mange situasjonar i bygda som organistvikar i kyrkje og dyktig pianospelar i bygda på blant anna 17 mai
Var med å lagde mgp show i Hemsedal og mange store og små stunder som utgjer ein forskjell i bygda.
-Du kan jo spørje tidlegare elevar på Ulsåk Skule om dei kan skulesongen og dei får tårer i augene og set i gang med å nynne
Vi kunne fortsatt denne lista men det er vel meininga at denne festen skal vere slutt i ettermiddag.
Personleg må eg jo seie at det er litt spesielt å skulle dele ut prisen for eg veit og som trenar, kor mykje ho har hatt å seie for jentelag i fotballen gjennom mange år som lagleiar så tusen takk for det, takk for smil, klapp på skuldra og at du utgjer ein forskjell for mange i bygda, både små og store
Prisvinnaren er ein kunstnar med ord og ei eldsjel med å sette lokal kulturarv i sentrum, No er det hennar tur til å bli heidra.
Og etter det eg veit skapar det god stemning i heimen med Brann siger i går og kulturpris i dag.
Kulturprisen i Hemsedal Kommune for 2025 går til Sønnev Skrede