Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Sau og hund på beite - open kveld tysdag 3. februar kl. 18.30

Kor stort er problemet, og kva kan vi gjere med det?

Kor stort er problemet og kva kan vi gjere med det?

Hemsedal Sau og Geit, Hemsedal sankarlag og Hemsedal kommune inviterer til

Open kveld på Hemsedal bibliotek, tysdag 3. februar kl. 18:30

Hundar som jagar eller går til åtak på småfe er etterkvart eit stort problem i mange delar av landet. Norsk Sau og Geit (NSG) starta ei kartlegging av hundeskader i 2020 med ei omfattande spørjeundersøking. Dette ga ei heilt ny innsikt i omfanget, og ein har no meir kunnskap om kvar og korleis dette føregår. Så kva for funn har ein gjort så langt, og kva bør eigentleg småfe-eigarane gjere når sau og geit blir jaga, skadde eller drepne av hundar? Kva kan hundeeigarane gjere? Og endå viktigare: kva kan vi gjere i lag for å hindre slike skader?


Korleis kan vi førebyggje, slik at jaging og skader ikkje oppstår?

Per Fossheim, beite- og utmarksrådgjevar i NSG, orienterer om temaet og kva for forhold som gjer det vanskelegare eller enklare å ha beitedyr i utmarka.
 
PROGRAM:
 
kl. 18:30 - Velkomen – v/Lars Einar Intelhus, Hemsedal Sau og geit.
Kortfilm – om hundekurset som er laga av hundefolk for hundefolk v/ Hanne Lykkja, besøksforvaltar, Hemsedal kommune
Kort om beitedyr i utmarka og hund som skadar småfe i Hemsedal. v/Karin Vøllo, Hemsdal sankarlag

kl. 18:45 - Per Fossheim, Kor stor er problemet på landsbasis? Kva er årsaka til at folk slepper hundane sine laus? Og kva for til-
tak verkar? Per Fossheim har undersøkt dette og intervjua
hundeeigarar. Spørsmål frå salen. (Panelsamtale og fleire spørsmål frå salen etter pausa).

kl. 19:45 - Pause

kl. 20:00 - Kort om tiltak i Hemsedal
Filmar som vender seg til arbeidsgjevarar, hyttefolk og beitebrukarar- korleis formidle indirekte til hundefolk (som arbeidsgjevar, hytteeigar) og korleis informere om gjerde som er farlege for beitedyr?
Kortfilm: eks. på tiltak som virkar: Korleis kan vi synleggjere tilsyn, oppsyn og formidle om beitedyr og hundeloven når vi sjølve møter folk i utmarka?

kl. 20:15 - Korleis kan vi jobbe saman? v/Hanne Lykkja
Samtale med spørsmål og bidrag frå salen om erfaringar med tiltak som verkar frå andre kommunar og andre beitelag: Håvard Falnes Kristoffersen (utmarksoppsyn, Hemsedal) Lars Einar In-
telhus (styret Hemsedal sau og geit), Olav Vollebekk Veslestølen (viltnemda/ besøksforvaltningsrådet), Per Fossheim (NSG), Bjørn Olsrud (Kursleiar i hundeåtferd).

kl. 20:50 - Vegen vidare: Avrunding og oppsummering

kl. 21:00 - Vel heim!

Saue bilde.png

Sist endret: 23.01.2026