Gjennom systematisk arbeid og godt samarbeid mellom leiing, tillitsvalde, verneombod og bedriftshelsetenesta har kommunen klart å halvere sjukefråværet på berre eitt år, frå om lag 12 til 6 prosent. Innsatsen har vore prega av tydelige mål, forankring i heile organisasjonen og bruk av eksisterande verktøy og ressursar i samarbeid med aktørar som NAV og bedriftshelsetenesta.
Juryen, med representantar frå NAV, NHO og IA-programmet, har lagt vekt på kommunen si evne til å skape varige resultat og tiltak med overføringsverdi til andre verksemder.
Hemsedal kommune held fram arbeidet med å utvikle eit godt arbeidsmiljø og redusere sjukefråvær, med mål om å vere ein attraktiv arbeidsplass som leverer gode tenester til innbyggjarane.
Bilde:
Utdeling av Sykefraværsprisen: Inger Lill Solberg, Pål Rørby, Bjarte Reve og Ulf Andersen.
Foto: Kristin Walstad