2025
Kommunen leverer eit netto driftsresultat på 10,6 mill. i 2025. Det er 5,8 mill betre enn budsjett.
Meir informasjon om rekneskapet
Årets resultat gjev ein driftsmargin på 2,4%. Det er betre enn den generelle anbefalinga på 1,75% for kommunesektoren. Høgare driftsmargin er derimot naudsynt for å møte det sjølvpålagte kravet om eigenfinansiering av investeringar.
Etter at Hemsedal Energi selde kundelista til Wattn i februar 2025 som eit ledd i omstruktureringa etter fusjon med Vidju i 2024, fekk kommunen som eigar eit utbyte på 7 mill. Det gjorde godt for kommunekassa etter nedgang i skatteinntektene som følje av nytt inntektssystem, og eit år med auke i pensjonkostnader og høg lønsvekst.
Kommunen er i omstilling, og har klart å halde kostnadsutviklinge for kjøp av varer og tenester nede. Denne omstillinga held fram i 2026, og er heilt nødvendig for å utvikle gode tenester med knappare ressursar enn tidlegare år.
Lågare sjulefråvær enn tidlegare påverkar resultatet positivt gjennom mindre vikarutgifter og godt arbeidsmiljø.
Investeringar i varige driftsmidlar på 72,5 mill i 2025 vitnar om høg aktivitet i kommunen. Nytt vassbehandlingsanlegg vart tatt i bruk og større delar av ledningsnettet vart skifta ut. Samstundes vart arbeidet med nye Ulsåk barnehage starta.
26,9 mill er overført til investeringar i 2025 for å redusere låneopptaket og halde gjeldsgraden nede. Gjeldsgraden, måltalet på netto lånegjeld i prosent av driftsinntekter, går ned fra 76,2 % i 2024 til 74% i 2025. Fleire investeringar står derimot for tur, og kommunen må førebu seg på ny auke i gjeldsgraden i åra som kjem.
Årets disponeringar reduserer kommunen sitt disposisjonsfond med 14 mill til 51,4 mill (11,8 % av sum driftsinntekter). Disposisjonsfondet skal ruste kommunen for mellombels svingningar i økonomien. Trass nedgang, ligg disposisjonsfondet godt over dei nye anbefalinga om at kommunane i gjennomsnitt bør ha eit disposisjonsfond på om lag 5%. Det vitnar om at Hemsedal kommune framelis er godt økonomisk stilt, og har handlingsrom til å jobbe vidare med omstilling.
Årsrekneskapen er sendt til Viken Kommunerevisjon for revisjon. Tala vil bli presentert meir inngåande på politisk arbeidsdag 25. mars, medan endeleg årsmelding ferdigstillast 31 mars. Vidare skal saken etter planen handsamast i kontrollutvalet, formannskapet 21 mai, og kommunestyret 27 mai.
Lenke til relevante vedlegg 2025
Årsrapport fra KAV-Hallingdal 2025.pdf
Årsrapport 2025_Ulsåk RA_Versjon 1.pdf
Årsrapport 2025_Trøim RA_inkl vedlegg_ Versjon 1.pdf
Skisseprosjekt nytt renseanlegg.pdf
Spørreundersøkelse næringsplanarbeid mai og jun 2025.pdf
Årsrapport 2025 Hallingdal Etablerersenter.pdf
2024
Årsrekneskapen for 2024 for Hemsedal kommune er no klar. Resultatet vart betre enn venta, trass i nedgang i skatteinntekter og langt lågare inntekt frå sal av kraft enn året før.
Kommunen leverer eit netto driftsresultat på 19,1 mill. Det er 11,6 mill. betre enn budsjett som følgje av høgare tilskots- og refusjonsinntekter. Kommunen har motteke fleire tilskot enn budsjettert, men det følgjer av tildelinga at desse må avsetjast til bundne fond for bruk til formålet i seinare år. Kommunen har i tillegg motteke høgare refusjon for særleg ressurskrevjande helse- og omsorgstenester, båe som følgje av auka omfang og som følgje av endring i ordninga.
12,1 mill. av årets resultat er nytta som eigenfinansiering av investeringar for å halde låne-opptaket nede etter store investeringar i 2024. Netto lånegjeldsgrad aukar likevel frå 70,6 % til 76,2 %, og ligg dermed høgare en anbefalt gjeldsgrad på 75 %.
Etter årets disponeringar aukar kommunen sitt disposisjonsfond med 8,2 mill. til 65,4 mill.
Årsrekneskapen er no sendt til Viken Kommunerevisjon for revisjon. Tala vil bli presentert meir inngåande på politisk arbeidsdag 26. mars, medan endeleg årsmelding ferdigstillast 31. mars. Vidare skal saken etter planen handsamast i kontrollutvalet 5. mai, formannskapet 13. mai og kommunestyret 28. mai.
Relevante vedlegg årsmelding 2024
Årsrapport 2024_Trøim RA_Versjon 2.pdf
Årsrapport 2024_Ulsåk RA_Versjon 1.pdf
HRP rapport - alternativsvurderinger barnehage.pdf
Årsrapport fra KAV-Hallingdal 2024.pdf
Notat - ledningsnett og stipulering av kostnader.pdf