Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Seniorinformasjon

Seniordag for 2026 vil bli annonsert.

Lenke til Senior informasjon 2025.pdf

Hemsedal kommune ynskjer både å dele og få informasjon - med seniorar, og vil derfor invitere til ein open Seniordag årleg. Seniordagen vil annonserast på kommunens heimeside og i Kommuneposten, i tillegg vil dei som fyller 75 år inneverande år få personleg invitasjon. Dei som ynskjer bistand eller følgje er velkomne til å ha med seg nokon, og når ein er senior vel ein sjølv.

Informasjon om kva aktivitetar, tiltak, tilbod og bistand som finnes i kommunen kan vera kjekt å vite for å førebygge, tilretteleggje, ta gode val og planlegge framover for sin alderdom og innhaldet i den. Ein ynskjer flest moglege sjølvstendige og gode leveår for alle innbyggarar i kommunen.