Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Slam

Slamavgift vert fakturert både 1. og 2. halvår.

  • Hemsedal kommune innførte tvungen tømming av slamtankar i 2006

  • Telemark Godslinjer er entreprenøren som utfører tøminga (av slam og kloakk) f.o.m. 1. mars 2023, tlf. 959 84 900                                                                                           
  • Fakturering av slamtøming skjer ved årleg avgift kvar vår- og hausttermin

  • Alle tette tankar skal tømast kvart år (bustad- og fritidshus)

  • Fritidshus med slamavskiljar; kvart 4.år (2022, 2026 osb)

  • Bustadhus med slamavskiljar; kvart 2. år (2022, 2024 osb.)

  • Treng ein tøming oftare, må dette avtalast direkte med Telemark Godslinjer. 

Du vil bli motta ein eigen faktura på denne tømminga frå kommunen.

I mange tilfelle er det ikkje tanken som er full, men hindringar i røyra som tettar tilkomsten til tanken.
Dette er huseigar sitt ansvar. I så fall må du sørge for at røyra er fri for framandlegement.
Ta kontakt med røyrleggjar dersom du ikkje kan gjera dette arbeidet sjølv.

Prisar for ekstra- og nødtømming

Ekstratømming:

Type Pris m/mva
Oppmøte               1 100
Pris pr m3    320
Rensegebyr pr m3    400

Nødtømming:

Type Pris m/mva
Oppmøte 3 500
Pris pr m3    320
Rensegebyr pr m3    400
Oversikt over slamgebyr

 

Gebyrregulativ for slamgebyr i Hemsedal gjeldene frå 01.01.2023.

Type Pris m/mva
Årleg fast gebyr for alle anlegg    100
Oppmøtegebyr for slamavskillere/minirenseanlegg    550
Oppmøtegebyr for tette tanker, gråvannsanlegg o.l.    450
Oppmøtegebyr for store anlegg 1 400
Pr. m3 for slamavskillere    250
Pr. m3 for minirenseanlegg/tette tanker o.l.    320
Pr. m3 for store anlegg/kap.13    220
Rensegebyr ved tette tanker/ekstra- og nødtømminger - pris pr. m3     400
Rensegebyr for minirenseanlegg/renseanlegg    400
Traktor-/spesialbiltømming/liten bil    650
Tillegg utenom arbeidstid 1 250
Timepris - mobilavvanning 2 500
Timepris - slamsugerbil 2 080
Ekstratømming - traktor 1 800
Nødtømming  - traktor 2 750
Tilsynsgebyr


Eit av arbeidsområda ein ser det ikkje har vore knytta nok ressursar til er tilsyn.

Tilsyn er ei lovpålagt oppgåve kommunen skal utføre. Her i Hallingdal er det eit stort etterslep på tilsyn. 

Ved å samarbeide i eit felles kontor for spredt avløp kan ein organisere tilsyna og arbeidet som kjem i etterkant, på ein meir tilfredsstillande måte.

Det kreves kompetanse, personell og økonomi for å gjennomføre tilsyn med små avløpsanlegg. 
Som underliggjande prinsipp gjeld at forurensar skal betale for arbeidet kommunen har i forbindelse med tilsyn med små avløpsanlegg.

Nytt fra 01.01.2020 er eit tilsynsgebyr på alle slamanlegg – dette grunna opprettelsen av felles kontor for spredt avløp i Hallingdal.

Tilsynsgebyret for 2023 er kr 500,- inkl. mva per anlegg.

Dersom det verkeleg hastar med å få slamtanken tømt kan ein nytte dette vakttelefonnummeret: 959 84 903

Kontakt oss

Generelle spørsmål rundt grunnlag for fakturering av; slam, vatn/avløp, renovasjon

sender du på e-post til teknisk@hemsedal.kommune.no

Epost vedk. vassmålaravlesning: vassmalar@hemsedal.kommune.no