Slamavgift vert fakturert både 1. og 2. halvår.
- Hemsedal kommune innførte tvungen tømming av slamtankar i 2006
- Telemark Godslinjer er entreprenøren som utfører tøminga (av slam og kloakk) f.o.m. 1. mars 2023, tlf. 959 84 900
- Fakturering av slamtøming skjer ved årleg avgift kvar vår- og hausttermin
- Alle tette tankar skal tømast kvart år (bustad- og fritidshus)
- Fritidshus med slamavskiljar; kvart 4.år (2022, 2026 osb)
- Bustadhus med slamavskiljar; kvart 2. år (2024, 2026 osb.)
- Treng ein tøming oftare, må dette avtalast direkte med Telemark Godslinjer.
Du vil bli motta ein eigen faktura på denne tømminga frå kommunen.
I mange tilfelle er det ikkje tanken som er full, men hindringar i røyra som tettar tilkomsten til tanken.
Dette er huseigar sitt ansvar. I så fall må du sørge for at røyra er fri for framandlegement.
Ta kontakt med røyrleggjar dersom du ikkje kan gjera dette arbeidet sjølv.
Prisar for ekstra- og nødtømming
Ekstratømming:
Type | Pris m/mva |
Oppmøte | 1 165 |
Pris pr m3 | 435 |
Rensegebyr pr m3 | 275 |
Nødtømming:
Type | Pris m/mva |
Oppmøte | 4 719 |
Pris pr m3 | 435 |
Rensegebyr pr m3 | 275 |
Oversikt over slamgebyr
Gebyrregulativ for slamgebyr i Hemsedal gjeldene frå 01.01.2025.
Type | Pris m/mva |
Årleg fast gebyr for alle anlegg | 215 |
Oppmøtegebyr for slamavskillere/minirenseanlegg | 1 183 |
Oppmøtegebyr for tette tanker, gråvannsanlegg o.l. | 1 129 |
Oppmøtegebyr for store anlegg | 3 010 |
Pr. m3 for slamavskillere | 541 |
Pr. m3 for minirenseanlegg/tette tanker o.l. | 692 |
Pr. m3 for store anlegg/kap.13 | 523 |
Rensegebyr ved tette tanker/ekstra- og nødtømminger - pris pr. m3 | 435 |
Rensegebyr for minirenseanlegg/renseanlegg | 275 |
Traktor-/spesialbiltømming/liten bil | 1 405 |
Tillegg utenom arbeidstid | 1 545 |
Timepris - mobilavvanning | 3 325 |
Timepris - slamsugerbil | 2 707 |
Ekstratømming - traktor | 2 472 |
Nødtømming - traktor | 3 862 |
Tilsynsgebyr
Eit av arbeidsområda ein ser det ikkje har vore knytta nok ressursar til er tilsyn.
Tilsyn er ei lovpålagt oppgåve kommunen skal utføre. Her i Hallingdal er det eit stort etterslep på tilsyn.
Ved å samarbeide i eit felles kontor for spredt avløp kan ein organisere tilsyna og arbeidet som kjem i etterkant, på ein meir tilfredsstillande måte.
Det kreves kompetanse, personell og økonomi for å gjennomføre tilsyn med små avløpsanlegg.
Som underliggjande prinsipp gjeld at forurensar skal betale for arbeidet kommunen har i forbindelse med tilsyn med små avløpsanlegg.
Nytt fra 01.01.2020 er eit tilsynsgebyr på alle slamanlegg – dette grunna opprettelsen av felles kontor for spredt avløp i Hallingdal.
Tilsynsgebyret for 2025 er kr 375,- inkl. mva per anlegg.
- Ta kontakt her: Telemark Godslinjer tlf. 993 70 201
https://telemarkgodslinjer.no/
Dersom det verkeleg hastar med å få slamtanken tømt kan ein nytte dette vakttelefonnummeret: 959 84 903
Kontakt oss
Generelle spørsmål rundt grunnlag for fakturering av; slam, vatn/avløp, renovasjon
sender du på e-post til teknisk@hemsedal.kommune.no
Epost vedk. vassmålaravlesning: vassmalar@hemsedal.kommune.no