Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Valoppgjer ved kommunestyreval

Frå stemmesetel til kommunestyrerepresentant

Fordeling av representantplassane

Ved valoppgjeret skal ein ta utgangspunkt i listestemmetala til vallistene.
Kvar stemmesetel inneheld så mange listestemmer som det er representantar i kommunestyret, i Hemsedal 17 representantar.

Har veljaren ikkje ført opp kandidatar frå andre vallister, går alle listestemmene til den vallista som stemmesetelen gjeld.
Har veljaren ført opp ein eller fleire kandidatar frå andre lister (såkalla «slengjarar»), taper lista tilsvarande mange listestemmer, mens listene til «slengjarane» tener tilsvarande. Reglane om «slengjarar» og kva dei har å seie, finst i vallova § 10-6 tredje ledd, jf. § 7-2 tredje ledd. 

Skjematisk kan ein seie at ein finn listestemmetalet til kvar liste på denne måten:

  Talet på stemmesetlar gitt for lista x talet på kommunestyrerepresentantar
+ Talet på listestemmer mottekne frå andre lister, ved at kandidatane til lista er førte opp som «slengjarar» på setlane til andre lister
- Talet på listestemmer gitt til andre lister, ved at kandidatane til desse listene er førte opp som «slengjarar» på setlane til lista

Det er likevel berre «slengjarstemmer» til kandidatar som er valbare, som fører til overføring av listestemmer frå ei liste til ei anna.

Når valstyret har funne totalen på alle vallistene sine endelege listestemmetal skal representantplassane fordelast.

Vallova § 11-12 første ledd inneheld reglar om fordelinga av representantplassane. Fordelinga skjer på grunnlag av St. Laguës modifiserte metode etter vallova § 11-4.
Listestemmetala vallistene har fått, skal dividerast med 1,4 – 3 – 5 – 7 – 9 osv. Representantplassane blir fordelte til vallistene fortløpande på grunnlag av dei framkomne kvotientane.
Har to lister same kvotient, går representantplassen til den av listene som har størst stemmetal. Har dei same stemmetal, skal plassen fordelast gjennom loddtrekning. Har ei liste fått fleire representantplassar enn lista har valbare kandidatar, skal dei overskytande representantplassane fordelast på dei andre listene etter reglane framfor.

Kandidatkåringa

Kandidatkåringa skjer på grunnlag av § 11-12 andre ledd i vallova.
Kåringa skjer på grunnlag av to faktorar:

1. Stemmetillegg frå partiet
Kandidatar som er oppførte med utheva skrift på stemmesetlane, skal ha eit stemmetillegg tilsvarande 25 % av talet på stemmesetlar som kjem lista til del.

2. Personstemmer frå veljarane
Deretter tel ein dei personlege stemmene som veljarane har gitt til kandidatane. Slike personstemmer kan ein gje på to måtar – som personstemmer til kandidatar på lista  eller som personstemmer til kandidatar på andre lister («slengjarstemmer»).
Kandidatane som får flest personstemmer samanlagt under 1 og 2, er valde.

Dersom fleire får like mange personstemmer, er rekkjefølgja på den offisielle vallista avgjerande. Kandidatar som ikkje er valbare, skal ikkje reknast med.

Kvar liste skal, i den grad det er mogleg, få tildelt like mange vararepresentantar som lista har av valde representantar + 3.


Døme på valoppgjer (lenke til valg.no)