Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal stemme

Legitimasjon

Når du skal stemme må det vere mogeleg å kontrollere identiteten din. Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg.
Ta difor med legitimasjon når du skal stemme, det er ikkje nok å gi opp namn og fødselsdato.

Døme på godkjent legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førarkort og bankkort med bilde, men du kan og bruke annan legitimasjon. Minstekravet er at han inneheld veljaren sitt namn, fødselsdato og bilete. Stemmemottakar vil i kvart einskild tilfelle vurdere den legitimasjon veljaren legg fram.

 

Informasjon om stemmerett (tidlegare Valkort)

Fram til valet i 2023 fekk alle veljarar tilsendt eit valkort (digitalt eller på papir) som ei stadfesting på at dei hadde stemmerett ved valet. Valkortet inneheldt ei strekkode og  veljarane vart oppmoda om å ta kortet med når dei skulle stemme.
Denne ordninga er avslutta.

Frå og med valet i 2025 vil alle personar med stemmerett, og som er folkeregistrerte som busett i Noreg, få tilsendt eit informasjonsskriv frå departementet/Valdirektoratet. I dette skrivet står informasjon om i kva kommune ein kan stemme på valdagen.

Informasjonsskrivet blir laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer i kva kommune du har stemmerett og står i manntalet. 

Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadane, vil som før få informasjonen tilsendt på papir.