Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Stemmerett og manntal

Stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsval har:


Norske statsborgarar som

  • har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er, eller har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg

Statsborgarar i andre nordiske land som

  • som har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er folkeregisterførte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret

Andre utanlandske statsborgarar som

  • har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • har vore folkeregisterførte som busette i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen

Ansatte i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. Viss dei ikkje nokon gang har vore registrert som busett i Noreg, skal dei manntalsførast i Oslo kommune.

For å kunne stemme må du vere innført i manntalet i ein kommune.

Står du i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har stemmerett i ein kommune.
Alle med stemmerett blir automatisk førte inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i Folkeregisteret som busette pr. 30. juni i valåret.

Dersom du har flytt til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, er du framleis registrert i manntalet, og har stemmerett, i den kommunen du flytte frå.

Valmanntalet for Hemsedal kommune ligg ute til offentleg ettersyn så snart det let seg gjera etter 1. juli i valåret og til og med valdagen på følgjande stader:

- Hemsedal folkebibliotek
- Tenestetorget i kommunehuset

Om du er manntallsført i ein annan kommune kan du likevel stemme på førehand i Hemsedal, men du kan ikkje stemme i Hemsedal på sjølve valdagen.

Manntalet vert gjort tilgjengeleg for Hemsedal kommune 1. juli. Oppdateringar/rettingar etter dette kan berre skje i særskilde høve. Om du meiner det er feil i manntalet må du ta kontakt med valstyret i kommunen snarast. Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve.

For velgjarar busette i utlandet gjeld:

Om du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg ein eller annan gang dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadkommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemming utanriks. Viss du førehandsstemmer i Noreg eller ikkje brukar den nevnte omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke skjemaet som du finn under.

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan dagen etter valdagen kl. 17.00.
Du kan søkje i eit vanleg brev eller ved å bruke skjemaet som du finn her:

Søknadsskjema for innføring i manntalet: pdf-format og doc-format