Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Verneområde og friluftsområde

Hemsedal kommune har store naturverdiar, der fjellterrenget dominerer. Dei verna områda i kommunen er enten verna etter naturvernlova § 5 eller plan og bygningslova § 25-6 (spesialområde).

Holstein/Fjellstølane naturvernområde

Holstein/ Fjellstølane naturvernområde vart oppretta i 1988. Dette er eit høgfjellsområde med gamle stølar og viktige beiteområde som ligg relativt urørt mht inngrep og hyttebygging.

Rjukandefossen

Rjukandefossen på Tuv vart regulert som friluftsliv - og naturvernområde i 1995.

Området er prega av vassdraget med eit flott fossefall på 10-15 meter, og nedstraumsfossen dannar ein djup canyon med store og små jettegryter.

I området finn ein i tillegg spor etter eit gamalt masseuttak, brukt til bygginga av Kongevegen.

Ein holveg skriv seg frå tida før Kongevegen (dvs. før år 1840).

Det er laga til ein rasteplass ved inngangen til fossen, og i elva er det mogleg å dra stor, fin aure.

Hydalen landskapsvernområde

Hydalen Landskapsvernområde vart oppretta i 1989 og er verna etter naturvernlova.

Føremålet med landskapsvernet er å ta vare på eit aust-norsk seterdalsføre med eit storslått naturlandskap, som har uvanleg fin veksling i topografi og planteliv, og å ta vare på eit karakteristisk kulturlandskap.

I Hydalen kan du oppleve dyr på beite, ein rik og variert flora, gode turmoglegheiter i tillegg til fiske i fjellvatna.