Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Friluftsliv

Prosjekt Skogshødnstigen

Sjå siste nytt frå 7. juli 2017

I samsvar med Stig – løypeplan for Hemsedal kommune 2015 – 2018 er det igangsatt arbeid med å restaurere stigen opp til Skogshødn, det mest besøkte fjellet i Hemsedal. Gjennom fleire år har parti av stigen vorte sterkt utsatt for slitasje, grunna aukande bruk og endra klima.

Hemsedal kommunestyre har godkjent ein prosjektplan for arbeidet, som vil danne utgangspunkt for søknad om finansiering og prioritering av tiltak. Ansvarleg for det vidare arbeidet vil vere Hemsedal utmarsservice (HUS) i tett samarbeid med Hemsedal kommune og Hemsedal Turisttrafikklag (HTTL).

 

Førebels prosjektplan og tiltakskart kan du lese om her:

- Skogshødnstigen_attraksjon og naturoppleving, versjon 1.
Tiltakskart 12.05.2016
Referat fra befaring 20.09.2016_med forslag til justering av tiltak

Arbeid med tiltak vil verte delt inn i ulike fasar som heng saman med korleis finaniseringa vert.

Fase 1: Sommar 2016
- Rydding av vegetasjon for ny trase i starten
- Bestilling av skilt
- Enkel steinsetting av blautt parti

Fase 2: Sommar 2017 og 2018
- Få på plass skilt
- Omlegging av stig i nedre del
- Bygging av 1-3 trapper i nedre del (kan flyttes til fase 3)
- Bygging av velkomstportal
- Vannkontroll v/ rennebygging
- Revegetering av gamal stig
- Etablering av rasteplass på Hyndehaugane (kan flyttes til fase 3)

Fase 3: Sommar 2018 og 2019
- Vannkontroll v/ rennebygging
- Steinsetting av blaute parti
- Bygging av trapper i  både nedre og øvre del
- Revegetering av gamal stig

Det kan verte endringar i framdriftsplanen. Me er også avhengig av at grunneigarane gjev sin tilslutnad til prosjektet gjennom grunneigaravtalar.

Vil du bidra i prosjektet?

Det trengs personar som kan bidra med dugnadsinnsats. For eksempel med rydding av ny trase, etablering av rasteplass og til førebuing av område der det skal byggjast trapper. Ta kontakt med praktisk prosjektleiar i Hemsedal utmarksservice (HUS), Henning Flaget mob 478 41 653 dersom du har lyst til å bidra på ein eller annan måte.

Me treng stein til trappebygging

For å kunne bygge trapper som må tole framtidas aukande bruk av Skogshødnstigen trengs det god og riktig stein. Me treng difor stein som veg mellom 500 – 700 kg, som er mellom 15-20 cm tjukk og er ca 60 cm djup. Bredda kan vere opptil 1,3 meter, men går det også an å legge to stein ved sida av kvarandre. Ta kontakt med HUS v/ Henning Flaget dersom du har stein du anten vil gje eller selje.

 

 

Bruøyne friluftslivsområde

Sidan 2014 har Hemsedal kommune arbeida for å gjere vannmiljøet i sentrum av Hemsedal meir tilgjengeleg for både fastbuande og turistar.

Bruøyne og svabergområda på motsatt side av Rampaområdet har no vorte opparbeida og gjort meir tilgjengeleg gjennom bygging av plattingar, trapper og bruer.

Det er også brukt tid på skjøtsel og opning av skog. Ute på sjølve «Bruøyne» er det laga til ein rasteplass med sittebenkar og mogelegheit for bålfyring.
Merk tidene for når det er tillate å fyre bål i skogsmark (15.09-15.04).

Det skal også verte rydda ein liten stig ut på hovedøya og informasjonstavle er under utarbeiding.

Me ynskjer alle velkomne inn på området og vonar alle er med på å halde det reint og fritt for søppel. Det du bærer med deg inn tar du med deg ut att.

 

Naturqiuz om allemannsretten for barn

Allemannsretten er ein samlebetegnelse på retten alle og ein kvar har til å vere i naturen, uavhengig av kven som eig grunnen.Den gjeld når du er i skogen, på fjellet, ved sjøen og langs elva. Du kan hauste av naturen: plukke bær, sopp og blomster eller fiske. Men det er også ein del ting det er viktig å hugse på.

Har du lyst å sjekke kor mye du veit om allemannsretten?

Det er plassert 6 poster med spørsmål om allemannsretten langs med stigen i Bruøyne friluftsområde.  
Du finn fasit og svar på rasteplassen. Stigen er ca. 175m lang.

Treng du svarkort? Klikk her: svarkort 

God tur!

Nyttige lenker