Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller private selskap

Om du ønsker å skjenke alkohol mot betaling i eit selskap må du søke om skjenkeløyve. Det er ulike skjenkeløyve for opne og lukka arrangement.

Når treng du skjenkeløyve for enkeltarrangement?

  • Du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bursdag, bryllaup, jubileum eller firmaarrangement. Du søker då om eit ambulerande skjenkeløyve
  • Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område. Du søker då om eit skjenkeløyve for eit enkelt høve.

Når treng du ikkje å søke om skjenkeløyve?

Du treng ikkje å søke om skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol eller du serverer alkohol utan å ta betaling. 

Kva krav må du oppfylle for å få skjenkeløyve?

  • løyvesøkar må vere fylt 20 år
  • du oppgir kven som skal vere ansvarleg for skjenkinga, skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år

Slik søker du 

Søk om skjenkeløyve for eit enkeltarrangement - ambulerande skjenkeløyve

Kor lang tid tek det?

  • Du får vanlegvis svar på søknad om ambulerande skjenkeløyve innan ei veke. 
  • Det vil ta lenger tid å få svar på søknad om skjenkeløyve for eit enkelt høve, eit ope arrangement. Her vil vi spørre politiet og sosialtenesta om dei har merknader til arrangementet. Søk difor i god tid før arrangementsdato.

Kva kostar det?

Det kostar 380 kroner. Vi sender faktura.