Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Serveringsløyve for foodtruck/matvogn

Korleis få serveringsløyve for foodtruck/matvogn? 

Food truck, matvogn, flyttbare utsalgsstadar

For å kunne ha ein food truck i Hemsedal må følgjande vera tilstade:

  • Ein må vera ein registrert bedrift med organisasjonsnummer.
  • Vera registrert hjå Mattilsynet
  • Ein må ha serveringsløyve anten i den kommunen kor den har forretningsadresse, eller hovudsakelig driv serveringFood truck må vera nemnt i serveringsløyva.
  • For å kunne ha ein foodtruck i Hemsedal må ein vise til avtale med grunneigar om at ein har lov å nytte plassen til foodtruck og servering av mat. Denne avtalen må ha ein til og frå dato.
  • Dersom drifta vil påverke trafikkale forhold, må dette gjerast rede for og godkjennast av kommunen
  • Attest for skatt og merverdiavgift som ikkje er eldre enn tre månader.
  • Kopi av førerkort klasse B til fører av kjøretøyet
  • Kopi av norsk vognkort

Dette gjeld dei som driv næring. Det vil ikkje gjelde vaffelsalg og andre mindre sal/engangstilfelle.

Anbefalte mål på kjøretøy:
Lengde: 5 meter
Bredde: 2 meter
Høyde: 2,5 meter