Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ansvarleg vertskap

Hemsedal kommune tilbyr kurs i ansvarleg vertskap, somregel i starten av vintersesongen, desember. Dette tilbodet er gratis, og ein kan ta prøva i ansvarleg vertskap etterfølgande.

Helsedirektoratet har utvikla eit e-læringskurs, som me også anbefaler dei som arbeider med sal og skjenking av alkohol. Kurset finn du på nettsidene til Helsedirektoratet. 

Kort intro til kurset

Ansvarlig vertskap er eit kurs tilpassa deg som arbeider på/ og eller driv ein sal/skjenkestad. Kurset gir deg opplæring i kva alkohollova krev, og belysar kva som skjer med kroppen, både fysisk og psykisk, når man drikker alkohol. Kurset er med på å gje deg eit godt grunnlag for å kunne foreta trygge beslutningar og handlingar.

Kurset tek opp tema som:

  • Alkoholens rolle i samfunnet
  • Alkoholens egenskaper og virkninger
  • Alkoholova og sentrale skjenkebestemmingar med lokale retningsliner og handheving
  • Overskjenking og definisjon av openbart påverka
  • Samarbeid mellom kommune, politi og skjenkestader
  • Utelivsrelatert narkotikaproblem
  • Kommunikasjon - konflikthandtering