Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Spelemidlar for idrett og fysisk aktivitet

Staten har som mål å bidra til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg slik at flest mogeleg kan drive idrett og fysisk aktivitet.

Spelemidlane vert brukt til tiltak som gjev innbyggjarane høve til å drive både eigenorganisert aktivitet og aktivitet i regi av den medlemsbaserte frivillige idretten.

Lokalmiljøanlegg, som særleg stimulerer og tilfredstiller barn sitt behov for fysisk aktivitet, vert prioriterte. For ungdom, er det eit mål å utvikle anlegg som støttar dei behova ungdom har for utfordring og variasjon.

Krav for å kunne søke om spelemidlar:

er at tiltaket er med på det prioriterte handlingsprogrammet i "Handlingsplan for idrett og fysisk aktivitet."

De kan melde nye anlegg inn i handlingsprogrammet ved å sende e-post til kommunen.

Søknader må opp til politisk godkjenning før dei vert sendt til Viken fylkeskommune for handsaming. Kommunen strekker seg langt for å få med flest mogleg søknader, men søknadar må vere komplett før dei vert handsama.

Søknad

  • Frist for innleving av komplett søknad er 1. oktober
    Alle søknader må leverast elektronisk
    Søknadsskjema finn du på www.anleggsregistret.no
  • For meir informasjon ta kontakt med Mads Elbrønd tlf: 31 40 88 59 / 409 16 449 eller e-post postmottak@hemsedal.kommune.no / mads.elbrond@gol.kommune.no