Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Lokalhistorie fra Hemsedal

Klokkarsteinen og dei gamle kyrkjeklokkene i Hemsedal 

Så ven ein klang hadde kyrkjeklokkene i Hemsedal at somme meinte dei var reint for gode for ei fjellbygd. Dei skulle til Drammen. Men dei kom ikkje langt...

Hovudvassvegen i Hemsedal er Heimsil, knapt farbar med båt over lengre strekker, men om vinteren var elvisen ei mykje nytta samferdslesåre. Den mest markante formasjonen ved Heimsil er Klokkarsteinen - eit enno levande minne om folk sin trang til å knytte segner til uvanlege naturformasjonar og til å bruka fantasien for å forklare korleis dei har vorte til. Ikkje minst kan Klokkarstienen stå som eit minnesmerke over kristendomen og kyrkja sin plass i det gamle bondesamfunnet. Hemsedal kyrkje har ikkje alltid lege som ho no ligg.

 

Skadvinarkyrkja

Den gamle stavkyrkja, eller Skadvinarkyrkja som ho vart kalla av di ho låg på garden Skadengard (Skadvin) sin grunn i Kyrkjebøgrenda.

I den tida hang ikkje kyrkjeklokkene i eit kyrkjetårn slik dei gjer no, men i ein støpul ved sida av  kyrkja. Det var nok ikkje mange fleire enn dei som budde i Kyrkjebøgardane, på Haug og på Trøim som høyrde dei, dersom støpulen med klokkene var plassert jamsides kyrkja. Difor er det mange som meiner at støpulen med klokkene stod på Stupulhaugen, på kanten mot dalen. Derifrå ville ein kunne høyre dei vidt og breitt over dalen.

 

St. Olavssteinen

Så ven ein klang hadde desse klokkenen at dei styrande tykte dei var reint for gode for ei lita fjellbygd. Dek skulle køyrast til Drammen. Dei køyrde over isen med klokkene , og det gjekk bra til dei kom til St. Olavsteinen, då vart klokkene med eitt så tunge at hesten ikke kunne rikke lasset av flekken. Dei spende føre ein hest til, men dette hjelpte ikkje det slag. Hemsedølene skjøna no kva som var årsak til dette og snudde. No drog ein to års gamal fole lasset attende til Hemsedalskyrkje som ingen ting. Sidan det har St. Olavsteinen hatt namnet Klokkarsteinen!

 

Klokkarsteinen

Ved Fossheim på Ulsåk om lag ved foten av Grøteurda ligg Klokkarsteinen halvegs uti elva. Korleis desse steinane hadde kome dit dei ligg veit tre ulike folkesegner å fortelja, og Heilag Olav har ein finger med i spelet i alle tre:

Hans Flaten kallar steinen for St. Olavssteinen. Ein gong steig Sankte Olav tvers over Hemsedal med den eine foten på Grøtenuten og den andre på Storehødn. Han hadde ein stor stein i fanget, som han sleppte ned i Hemsila. Steinen sprakk sund i fallet, man ligg der enno, og heiter Klokkarsteinen.

 

Ola Eikre har skrive ned ein annan versjon etter Ola B. Løken: Ein gong kom Heilag Olav frå Valdres til Hemsedal. Han passerte Fetjaåne og like etter stoppa han for å ta seg ein rast ved ein bratt, liten fjellklant.

Medan han låg der og kvilte, festa brystbilete av kongen seg i steinmosen på fjellklanten. Etter rasten kom Heilag Olav til eit lite tjern som i dag blir kalla Olavstjednet. Her seinka han ned ein stor koparkjel full av sølvmynter. Så fekk han sjå Hydnefossen på den andre sida av dalen og bestemte seg for å vatne hesten sin der.

Han tok sats, sette over og landa på Veslehødn med så stor tyngde at det løysna ut eit stort skard som kallast Hødnskjaften. Dette gjorde kongen sint, han greip ein stor stein og slengde han nordvestsover. Steinen landa i Hemsil.

 

Endå en variant fortel at då Heilag Olav ein gong kom til Hemsedal, var det eit stort troll som prøvde å stoppa han. Kongen treiv då ein neve stein i Veslehødn, der Hødneskjaften er i dag, og kasta etter trollet, men steinen råkte ikkje og ramla ned ved Grøte!

 

Klokkarsteinen sprekk! Eller historia var ikkje slutt med folungen...

Hemsedal stavkyrkje vart riven i 1882. Dei gamle mellomalderklokkene heng no i Hemsedal kyrkje, der dei har vore i bruk fram til 1990 då det vart hengt opp nye klokker med automatisk riging i kyrkja. Same vinteren sprakk Klokkarsteinen og ein stor bit av steinen datt ut i Heimsil!

 

Kongevegen frå Tuv til Eldrehaugen

Det vert laga fire større informasjonsinstallasjonar med historier og informasjon frå området langs vegen frå Tuv og vestover til Eldrehaugen:
•Venås: Bygging av vegen
•Vårstølen: Stølsliv og kulturlandskap
•Ershovd: Istid, geologi og planteliv
•Eldrehaugen Steinalder og fangstkultur

Den gamle Kongevegen finn ein innteikna på eit gamalt kart frå Hemsedal, produsert åra 1849/50. Skala på kartet er 1:100 000

Ein kopi av orginalen er i sal på kommunehuset og ved turistkontoret. Pris kr. 200,-

Kulturminne i utmark

Frå isen gjekk for omlag 10 000 år sidan og fram til mellomalderen tok til for 1000 år sidan, kan dei fysiske spora i landskapet fortelje oss noko folks liv her i landet.

Far etter folk i landskapet rundt oss

Når historia skal skrivast er det mange spørsmål som ein berre kan få svar på ved å studere landskapet. Lettast er det å få auge nedlagte bruk, stølar, vegar, steingjerde og andre kulturminne. Har ein augo med seg vil ein og kunne oppdage kolgroper, slagghaugar, ulike fangstinnretningar for større dyr som elg og rein, og tufter etter hus som har vore nytta i ulike utmarksnæringar.

Kolgroper

Ei kolgrop er ei gravd grop med diameter ca 3 m og 0,2 - 0,7 m djup, der det er blitt framstilt kol av trevirke. Slike groper har vi funne over heile kommunen. Trekolet som vart laga blei brukt til jernframstilling eller i smia som høyrde til på gardane heilt opp til vår tid. Det eldste trekolet som er datert i samband med jernproduksjon i Hemsedal, skriv seg frå ein slaggklump som er frå 2-300 e.Kr. Slagg er eit biprodukt ved framstilling av jern fra myrmalm. Myrene i fjella her innheld mykje jern, og fleire stader kan ein sjå den typiske rustfargen på stein og torv. Også den blå hinna som ligg på stilleståande myrvatn viser at det er jern i grunnen.

Fangstanlegg for villrein

Der fjellet ligg urørt av menneskelege inngrep følgjer villreinflokkane omlag dei same rutene som dei alltid har brukt. Ved smale sund, i fjellpass og på stader der det er lettast å kome fram i brattlende, kan vi finne spor etter gamle fangstmetodar. Fangstgravene slik vi ser dei, er ofte samanraste, men ei nøyare gransking viser ein mura firkant på omlag 1,8 x 0,8 m gravd ned i bakken.

Som oftast er det vanskeleg å sjå kor djup grava har vore, men eit reinsdyr skulle kunne stå nedi ho. Ut frå fangstgrava kan ein ofte sjå leiegjerde som kan vere fleire titals meter lange. Desse vart bygde slik at dei skulle leie reinen mot grava når han gjekk og beita.

Rein viker unna for sjølv låge steinar når han ikkje er skremd, og på denne måten vart han leia mot grava, som har vore dekka over. Ein kan og sjå leiegjerde som knyter saman fleire graver til eit fangstanlegg. I nærleiken av reintrekka kan vi av og til finne bogastiller - dette er låge steinmurar. Bak desse kunne jegarane ligge med pil og bue når dyra drog forbi.

Fangstgroper for elg

Fangstgroper for elg finn ein oftast gravd i lausmassar under tregrensa i område der det er elg også i dag. Dei er som oftast større og djupare enn kolgropene og ligg ofte fleire saman.

Hustufter

Hustufter kan som oftast sjåast på vollen eller muren etter veggen. Husa har som oftast vore firkanta med varierande storleik på grunnflata. Det er og registrert runde og ovale tufter. Ein kan og sjå ei eller fleire døropningar. Husa har hatt mange ulike funksjonar og vi finn dei over heile kommunen.

Lokalhistoriske bøker frå Hemsedal

Til sals på kommunehuset:

Den gamle stavkirken: Eit forsøk på å kalle fram bilete av stavkyrkja frå ho vart bygd til ho vart riven i 1882. Trygve M. Davidsen (100,-)

Festskrift: Jubileumsbok for Gol og Hemsedal kyrkjer (1882-1982) (100,-)

Hemsedal og hemsedøler: Nyopptrykk av bok med same tittel som kom ut i Fargo, USA i 1906. Original målform. Hans Flaten, Ingvald H. Ulsaker. (150,-)

Hemsedals slektshistorie (Flatabokji): Slektshistorie frå Hemsedal frå 1693- 1975. Hans Flaten, Ola Rudvin. (150,-)

Kyrkjesongaren: Biografi og eit biletriss av samtida. Odd Karl Jordheim (100,-)

 

Til sals hjå Frivilligsentralen (Helselagshuset):

Bygda kring Heimsila: Liv og virke i Hemsedal før og no. Utgjeven i samband med Hemsedal Bondelag sitt 100- års Jubileum. Ola Fauske, Norvald LIrhus, Asle Thorset, Ingar Skrede (red) (250,-)

Følkeminne frå Hemsedal: Boka segn og småstubbar frå folkelivet i Hemsedal i gamal tid er ikkje gjeven ut tidlegare. Hemsedalsdialekt. Illustret. (195,-)

Glimt frå ungdomslivet i leik og lag: Samhald Ungdomslag 1908- 1983 si jubileumsbok. Ola Fauske (170,-)

Hemsedal indremisjon - jubileumsskrift: Sebjørg Marie Jordheim (100,-)

Hemsedalsmålet: Ord og uttrykk, utgjeve av Hemsedal Mållag. Knut Skolt, Margit Wøllo. (250,-)

I gløymde spor: Hemsedal Idrettslag 1890- 1990. Ola Fauske, Ingar Skrede. (195,-)

Seier i nederlag: Odd Karl Jordheim (70,-)

Slekt følgjer slekt I: Om Jordheim- Grøthe- grenda siste hundreåret. Odd Karl Jordheim ( 75,-)

So sea me her: Ei lita bok om hallingmålet. Kjell Venås ( 130,-)

1946-1999 Jubileumsskrift: Hemsedal Bondekvinnelag. ( 85,-)

Støl og stølsliv i Hemsedal: Første bok i serien "Hemsedal gjenom tidene". Hemsedal Historielag og Hemsedal Mållag (260,-)

Frå skysstasjon til alpinsenter - Hemsedal som turistbygd: Andre bok i serien "Hemsedal gjenom tidene" Hemsedal Historielag og Hemsedal Mållag (320,-)

Løglege skruvar og kjende folk i Hemsedal: Tredje bok i serien "Hemsedal gjenom tidene" Hemsedal Historielag og Hemsedal Mållag (290,-)

Barndom og ungdom i Hemsedal: Fjerde bok i serien "Hemsedal gjennom tidene" Hemsedal Historielag og Hemsedal Mållag (290,-)

Kvinneliv: Femte bok i serien "Hemsedal gjennom tidene". Hemsedal Historielag og Hemsedal Mållag (320,-)

 

Segn og historier

Segn og gamle historier frå Hemsedal er nedteikna i Hans Flaten si bok Hemsedal 1814- 1914.

No kan du også finne lokale segn på nett. På sida www.historie.no er det samla mange segn frå heile landet. Her finn du lokale segn frå både Hemsedal og Hallingdale elles.

Haugteken i Hemsedal

Ei gjente frå Hustad i Hemsedal hadde eit lausingbarn — ein liten gut. Ein haustdag gjekk ho og rispla lauv uppe i Hustadhagen og småguten rusla for seg sjøl der i nærleiken. Men rett som det var vart guten stums burte....

resten av historia om guten som vart haugteken finn du her.