Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Hemsedal Bygdearkiv

Hemsedal bygdearkiv har lokala sine ved sida av biblioteket. Hemsedal bygdearkiv har ope kvar onsdag kl. 18.00 - 20.00 i tidsrommet 1.oktober - 31.mai

Hemsedal Bygdearkiv

Hemsedal Historielag står for drifta av bygdearkivet. Hemsedal Historielag vart etablert i 1999. Seinare dette året inngjekk dei avtale med Hemsedal kommune om drift av bygdearkivet.

Historielaget har gjort eit stort og omfattande arbeid med å registrere gamle bilete, dei har òg samla mykje nyttig informasjon om gamle Hemsedal.

Drifta av bygdearkivet er basert på frivillig arbeidsinnsats av historielaget sine medlemmer.

Hovudutval for livsløp er styre for Hemsedal bygdearkiv.
Leiar er Oddvar Grøthe.

Historiske bilete 

Hemsedal Bygdearkiv har samla eit utal historiske bilete frå Hemsedal. Mange av desse bileta er digitaliserte og gjort tilgjengeleg for alle.

På nettsida www.digitaltmuseum.no kan du sjå og kjøpe bilete.

Prisliste finn du her

Opningstid

Hemsedal bygdearkiv har ope kvar onsdag kl. 18.00 - 20.00 i tidsrommet 1. oktober - 31.mai

Kontaktinfo

Hemsedal Historielag
Oddvar Grøthe, leiar

Tlf: 970 58 801

bygdearkivet@hemsedal.kommune.no