Hemsedal Bygdearkiv er etablert for å samle inn, ordne, registrere og ta vare på bilete og arkivsaker frå bedrifter, institusjonar, organisasjonar og privatpersonar. Drifta av bygdearkivet er basert på frivillig arbeidsinnsats av Hemsedal historielag med tilskot frå Hemsedal kommune. Hovudutval for livsløp er styre for arkivet.
Historiske bilete
Hemsedal Bygdearkiv har fleire tusen historiske bilete frå Hemsedal. Dei er digitaliserte og gjort tilgjengeleg for alle på nettsida digitaltmuseum.org/hemb/. Privat bruk av bilete er fri, men kjelde skal gjevast opp. All kommersiell bruk krev særskild avtale med historielaget.
Besøk arkivet
Hemsedal bygdearkiv har lokala sine ved sida av biblioteket. Dei som ynskjer eit møte på arkivet kan bestille tid hjå historielaget.
Meir info:
Leiar i historielaget er Oddvar Grøthe, tlf: 970 58 801