Historikk
Garden Øvre Løkji ligg eit godt stykke oppe i dalsida, og når ein har kome seg opp den bratte kjerrevegen, har ein fantastisk utsyn over dalen og fjella bak. Kunne dei levd av utsikta si dei gamle på Øvre Løkji, hadde dei nok vassa i stor rikdom.
Namnet Løkji (Løken) er truleg eit av dei eldste i bygda, og ein meiner at det gamle Leikvin kan liggja til grunn. Løkensgarden var delt fleire gonger, og Øvre Løkji vart skifta ifrå og bygd i 1730.
Hemsedal kommune kjøpte husa i 1956 og gjorde dei til bygdatun.
Husa på garden
Dette gardstunet gjev i dag eit godt bilete av korleis det var på ein gard i fjellbygda frå 1700 og utover. Her står innehuset lite og verbitt, med dei tre vanlege romma: stugu, kleve og kammers. Under dette vesle taket levde det jamtover tre generasjonar. I staden for sval har stugu eit tilbygg som vart nytta til bu.
Stølphuset er nok det eldste huset, truleg bygd før 1700. Det har opprinneleg vore fyrste høgda i eit eldre loft.
Til garden høyrer og låve, fjøs og stall. Fjøset er av nokså ny dato, med di det er tømra etter at det gamle vart noko ødelagt av brann i 1877.
Eit stykke frå tunet ligg smia. Her er også oppattsett ei gamal stølsbu som i si tid tilhøyrde Embrikgarden i Lykkja.
I stugu står det innbuet som ein fann i alle hallingstover for 250 år sidan, og i husa elles vil ein finna ein god del reidskap og husgeråd. Her er inga overflod av noko slag, men det var no heller ikkje det vanlege for hemsedalsbonden på 1700-tallet.
Sjå også Buskerudmuseet sine nettsider om blant anna Hemsedal Bygdatun