Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kulturmidlar

Det kan gjevast støtte til lag og organisasjonar og private initiativ som er aktive og har eit ideelt formål. Det er søknadsfrist 1. april

Målsetting

Hemsedal kommune vil i sin kulturpolitikk sikre mangfaldet innanfor kulturlivet og gjennom kultur og idrett styrkje kjensla av samhald og fellesskap i bygda.

Viktige verkemiddel her er gode tilskotsordningar som sikrar breidda og mangfaldet vi ynskjer i kulturlivet. Retningslinene legg særleg vekt på støtte til barne- og ungdomsorganisasjonar og aktivitetar for desse gruppene.
 

Søknadskjema

Søknadskjema

Søknadskjema kulturmidler.PDF

Retningsliner for tildeling

Målsetting

Hemsedal kommune vil i sin kulturpolitikk sikre barn og unge meistring og opplevingar innanfor kulturlivet. Gjennom kultur og idrett styrkje kjensla av samhald og fellesskap.

Tilskotsmidlane skal tildelast lag og organisasjonar som forhindrar mobbing og utestenging og støttar likestilling, likeverd og mangfald.

Retningslinene legg særleg vekt på støtte til barne- og ungdomsorganisasjonar og aktivitetar for desse gruppene. Det kan gjevast støtte til lag og organisasjonar som er aktive og har eit ideelt formål.


Tilskotsformer

Kulturmidlar i Hemsedal kommune blir gjeve over kulturbudsjettet innanfor ramma av økonomiplanen som kommunestyret vedtek. Midlane vert delt ut av Hovudutvalet for Livsløp på grunnlag av søknader frå lag og organisasjonar.

Søknadsskjema og retningsliner finn ein øverst i artikkelen

Søknadsfristen er 1. april

Retningslinene for tildelinga av kulturmidlar skal kunngjerast i Kommuneposten og på heimesida før søknadsfristen.

Søkjarar som ikkje overheld fristen eller fylgjer retningslinene kan ikkje forvente tilskot.


1.Tilskot til rusfrie arrangement/aktivitetar til barn og unge
Ungdomsrådet vil at tilskot skal kome ungdomar frå Hemsedal til gode. Difor er det spesifisert at det skal vera for målgruppa barn og unge frå Hemsedal.
Søknaden skal innehalde ei beskriving av tiltaket. Søknaden skal innehalde kva som er målet med tiltaket og kva for målgruppe dette er laga for. I tillegg skal søknaden innehalde eit enkelt budsjett for tiltaket.  Det er viktig at dette blir halde på eit enkelt nivå slik at ikkje høge krav set ein stoppar for dei frivillige og kreative søkjarane. Dette er frivillig arbeid/aktivitet og søkjarane kan være barn og unge sjølv. Arbeidet/aktiviteten meiner vi er viktigare enn at dei spesifikt skal legge fram tal.
Tilskot til rusfrie arrangement skal innstillast av ungdomsrådet.

2. Tilskot til drift
Alle lag og organisasjonar, hovudsakleg med aktivitet og tilbod for barn og unge, i Hemsedal kommune kan søkje om tilskot til drift. Andre regionale lag kan også søkje, som har medlemmar frå Hemsedal. Ein føresetnad for at laga vert vurdert, er at dei har medlemskontingent og fører medlemsliste. Aktiviteten i laget vert vurdert.
Med søknadsskjema må det følgje siste års reviderte rekneskap, medlemsliste, budsjett for søknadsåret og årsmelding. 

3. Tilskot til arrangement
Lag og organisasjonar kan søke om tilskot til arrangement hovudsakleg med tilbod for barn og unge (teater, konsertar, jubileum og liknande). Laget kan søkje om tilskot til eigne opplegg eller tilstellingar der dei ynskjer å bruke krefter utanfrå. Personar med følgjekort går gratis ved arrangement som får kommunalt tilskot. Budsjett og finansieringsplan for arrangementet vil bli kravd. Søknaden må vise korleis overskot skal nyttast. Det vert kravd garanti for underskotsdekning. Søknadar utan nødvendig dokumentasjon vil ikkje bli behandla.

4. Tilskot til prosjekt
Det kan søkjast om tilskot til prosjekt av lengre eller kortare lengde. Tilskot til prosjekt kan også gjelde forsamlingshus. Budsjett og finansieringsplan for prosjektet vil bli kravd. Søknadar utan nødvendig dokumentasjon vil ikkje bli behandla.

5. Tilskot til leiar-/instruktøropplæring.
Lag kan søkje om å få dekt delar av utgifter ved leiar- og instruktøropplæring. Trenaropplæring kjem inn under dette. Søknad må vise kopi av  kvittering for utgifter i samband med gjennomført opplæring.

6. Tilskot til einskildpersonar/kulturstipend
Tilskot kan også bli gjeve til einskildpersonar, eventuelt som kulturstipend, dersom tiltaket kan ha positiv verknad for kulturlivet i kommunen. Stipenda kan vera på opp til 10.000 kr for aldersgruppa 15 – 24 år. Målet er å premiere dei som lukkast i sine aktivitetar og på dette vis representerer Hemsedal på ein framifrå måte. Stipendet skal gje inspirasjon og høve til å vidareutvikle seg innan sitt felt. Den einskilde kan sjølv søkje og andre kan sende inn framlegg til kandidatar. 

7. Misbruk
Dersom ein person, organisasjon eller institusjon bryt føresetnadene for tilskot etter desse retningslinene, kan vedkomande miste retten til tilskot i eitt eller fleire år. Hemsedal kommune kan i etterkant av utbetalinga krevje å få sjå endeleg rekneskap og disponering av utbetalte tilskot.

Retningsliner som pdf