Om klubben
Klubben ligger sentralt i Hemsedal sentrum, ved idrettsplassen. Klubben har lokale i underetasjen på Hugnadheim.
Det er gratis inngang for alle! Klubben tilbyr eit trygt og rusfritt miljø for all ungdom.
Klubben er ein open møteplass med hyggelege sittegrupper og kiosk med sal av brus og snacks. Klubben inneheld diskotek, tv-rom med kinolerret og tv-spel, Wi-Fi, bordtennis, airhockey, biljardbord og diverse andre spel. På uteplassen er det ein skatepark og basketkorg som nyttast ofte. Fotballbane og eSport-rom er rett ved og ofte tilgjengeleg for ungdomane.
Ungdomsklubben, fredag
Ungdomsklubben er åpen for alle frå og med 8. klasse og opp til 18 år, fredagar frå kl. 19.00 til 23.00.
Måndagsklubben
Åpent for alle frå og med 7. - 10. klasse på måndag etter leksehjelp, frå kl 14.30 til kl 17.00. Samme aktivitetar som på fredagar.
Onsdagsklubben
Åpent for alle frå og med 7. - 10. klasse på onsdag etter skuletid, frå kl 13.30 til kl 17.00. Samme aktivitetar som på fredagar.
Klubben er stengd i sommar-, jule-, haust og påskeferien.
Kontaktinfo
Fritidsleiar Andreas Colbro Tlf: 40 91 80 58
Kontortid: Mandag og tirsdag kl 08.00-16.00
Klubben i åpningstida Tlf: 40 91 80 58