Kvardagsrehabilitering er ei førebyggande teneste som har som mål å hjelpe deg til å mestre daglege aktivitetar i kvardagen din. Kvardagsrehabiliteringsperioden er tidsbegrensa, ca 6 veker.
Vi ønskjer at du deltek aktivt i denne perioden. Erfaringsmessig opplever mange fysisk og psykisk meistring og auka livskvalitet etter endt periode.
Eit tverrfagleg team (fysioterapeut /sjukepleiar /omsorgsarbeidar) vil koma heim til deg og rettleie og støtte deg undervegs.
Fokus vårt er: Kva er viktig for deg?
Søknadsskjema - elektronisk
Søknadsskjema - utskrift
Søknaden skal sendast til:
Hemsedal kommune
Tildelingskontoret
Hemsedalsvegen 2889
3560 Hemsedal
Kontaktinformasjon
Du kan kontakte heimesjukepleia om du, nokon du er pårørande til eller andre som du tenkjer på kan ha nytte av eit slikt tilbod. Vi kan svare på spørsmål eller ta imot søknad om dette tilbodet.
Avdelingsleiar Line Strandberg
Tlf 916 66 853 mellom kl. 08-15