Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Jordmortjenesten

 Er du gravid og bur i Hallingdal?

Du kan få oppfølging og faste kontroller hos jordmor på din helsestasjon. Ta gjerne kontakt så tidleg som mogleg etter ein positiv graviditetstest, for ei samtale.

Svangerskapsoppfølging hos jordmor eller fastlege gir tryggleik og god førebuing til fødsel, amming og det å bli foreldre. Du vel sjøl om oppfølginga skal være hos jordmor eller fastlege. For mange er det fint med ein kombinasjon. Tilbudet er gratis.

Gravide får tilbud om kontroller etter tilrådingar i nasjonale retningslinjer. For å sikre at mor og barn har det bra blir det tatt ei rekke prøver og undersøkingar. I tillegg får du råd og rettleiing tilpassa ditt behov. Barnefar, partner eller annan ledsager er velkommen til å vere med.

Om det blir oppdaga tilstandar under graviditeten som krev tettare oppfølging, har vi godt samarbeid med sjukehuset du skal føde på. Strevar du med vanskelege tankar i forhold til graviditet eller livssituasjon, har vi eit tett samarbeid med andre faggrupper i kommunen som kan vere viktige støttespelarar for deg.

Tilrådde kontroller i svangerskapet

Veke 5-8             Startkontakt/Livsstilssamtale Jordmor/lege

Veke 10-14         Prøvetaking/utfylling av helsekort Jordmor/Lege

Veke 17-19         Ultralyd på fødeavdelingen 

Veke 20              Jordmor/lege

Veke 24              Jordmor/lege

Veke 28              Jordmor/lege

Veke 32              Jordmor/lege

Veke 36              Jordmor/lege

Veke 38              Jordmor/lege

Veke 40             Jordmor/lege

7 dagar etter termin:      Trivselskontroll på sjukehuset 

11 dagar etter termin:     Innleggelse på sjukehus for igangsettelse 

6-8 veker etter fødsel:    Etterkontroll for mor hos jordmor/lege 

 

Timebestilling

Jordmortjenesten kan nå kontaktes via Helse Norge. Det er ikke mulig å bestille timer selv men be om time og stille spørsmål.

Du bestiller time ved å ta kontakt med lokal helsestasjon/ legekontor.

 

Hol

Geilo helsestasjon:     32 09 22 65

Geilo legesenter:        32 09 22 50

Hol legekontor:          32 09 22 00 

 

Ål

Ål helsestasjon:        32 08 52 90

Ål legekontor:          32 08 53 50

 

Gol 

Gol helsestasjon:       32 02 92 15

Gol legekontor:         32 02 92 00

Dr.Feet:                     32 07 51 40

 

Hemsedal

Hemsedal helsestasjon:   31 40 88 15/ 97 05 88 15

Hemsedal legekontor:     31 40 89 00

Jordmor:                          97 05 88 15

 

Nesbyen

Nesbyen helsestasjon:        32 06 83 00

Jordmor Marte Ø. Myre:    95 75 61 25 - Man/Tirs/Tors

Nesbyen legesenter:           32 06 83 80

 

Flå

Flå helsestasjon:                  32 05 36 23 

Flå legekontor:                    32 05 36 27

Jordmor Marte Ø. Myre:     95 75 61 25 - Man/Tirs/Tors



Alle gravide får tilbod om ultralydscreening i svangerskapet, i veke 17-19. Dette er eit frivillig tilbod, og legen sender søknad om time etter første legebesøk. Tidspunkt for ultralyd vil du få tilsendt frå sjukehuset. Etter ultralydundersøkelsen får du med eit skjema som skal følgje helsekortet.

 

Helsekortet er eit viktig dokument der opplysningar om graviditeten blir dokumentert, samt opplysningar som er relevant for svangerskapet og fødselen. Helsekortet er ditt dokument som du har med til kontroll hos jordmor, lege, ultralyd og fødeavdelinga. 

 

Ved første besøk hos lege blir det tatt svangerskapsrelaterte blodprøvar.

Hep B, HIV, Syfilis, Hb, S-ferritin, blodtype og immunisering og blodtypeantistoff. For dei av dykk som er Rhesus negativ blir det tatt ny blodprøve i svangerskapsveke 24. Gravide som fell under tilrådingar om sukkerbelastning, tar dette rundt svangerskapsveke 24. Hugs å ta med legitimasjon til blodprøvetaking.

 

Helsestasjonen tilbyr foreldreforberedende kurs jevnlig. Hensikten med kurset er å gi blivende foreldre økt kunnskap om siste del av svangerskapet, fødsel og barseltid.

Tema på kurs:

  • Fødsel og kva fremmar ein god fødselsoppleving

  • Barseltiden på sjukehuset og første tida heime

  • Amming

  • Det nyfødte barnet og samspill

  • Det å bli foreldre, og endring i parforholdet/familien

  • Bekkenbunnstrening

 

Vi tilbyr å komma heim til alle foreldre 1-3 dager etter heimreise frå barselavdelinga på sjukehuset. Helsesykepleier kjem ca. ei veke etter hjemmebesøk frå jordmor.

 

Mor blir tilrådt ein kontroll 6-8 veker etter fødsel. På denne kontrollen kan du snakke med oss om fødselsopplevinga, tida på sjukehuset, korleis du har hatt det dei første vekene etter fødsel og seksualitet. Vi tilbyr prevensjonsveiledning og skriv ut resept ved behov. På enkelte helsestasjonar kan jordmor sette inn spiral og p-stav, samt ta celleprøve fra livmorhalsen.Du vel naturlegvis sjøl om du vil gå til jordmor eller lege. Timen må du bestille sjølv.

 

Det er mogleg å leie brystpumpe på helsestasjonen. Dette er gratis. Flaskesett kan kjøpast på helsestasjonen din.

 

Alle som har fødd blir invitert til samling med barna på helsestasjonen. Dette blir noko ulikt organisert frå kommune til kommune i Hallingdal.

 

Helsestasjonen tilbyr gratis tematreff jamleg iløpet av året. Sjekk ut program til din lokale helsestasjon og bli med.

 

Jordmorvakt er eit tilbud til gravide i Hol, Ål, Gol og Hemsedal. Vakthavande jordmor er tilgjengeleg på vakttelefon hele døgnet. Tlf. 90 67 10 90. Dersom du ikkje får kontakt med vakthavende jordmor, ta kontakt med legevakt 116 117. Jordmorvakt er eit interkommunalt samarbeid mellom jordmødrene i Hallingdal.

 

Gravide i Nes og Flå tar direkte kontakt med sjukehuset.

 

Ringerike sykehus, føde/barsel avd:     32 11 61 04

Drammen sykehus, fødeavd:                 32 80 32 51

Kongsberg sykehus, føde/barsel avd:    32 72 57 13



Lenker til nyttige og trygge nettstader:

Gode levevaner før og i svangerskapet

Graviditet, fødsel og barseltid i Norge

Screening og rutineundersøkelser i svangerskapet

Informasjon til gravide om fosterdiagnostikk

Informasjon om rutineultralyd

Helsenorge - Informasjon om graviditet

Matportalen - Kosthold for gravide

Arbeidsmiljø og svangerskap

Kjenn liv/fosterbevegelser i svangerskapet

NHI - svangerskap uke for uke

Folkehelseinstituttet - Svangerskap og fødsel

Tryggmammamedisin

Nav - Stønader i svangerskapet

Ammebrosjyre - Hvordan du ammer barnet ditt

Ammehjelpen

Filmen "Bryst er best" på ulike språk

Ammeinformasjon på ulike språk

Sex og samfunn - Prevensjon

Zanzu - Min kropp i ord og bilder på ulike språk