Tilskot til tilpassing av bustad skal medverke til at eldre og funksjonshemma får ein bustad som over tid fungerar godt i forhold til bevegelsesvanskar eller anna funksjonshemming.
Tilskotet blir gitt til både enkle tiltak og til større ombygningar for å tilretteleggje bustaden i forhold til søkjar si funksjonsnedsetting:
- Utvendig terrengarbeid der det er nødvendig for å betre tilgjengelegheita.
- Påbygging/ombygging av bustad for å få alle nødvendige rom på eitt plan.
- Utviding av døropningar/rom/korridorar og byte av dører, inkludert branndører.
- Fjerning av tersklar og terskelplater.
- Installering av eller tilrettelegging for velferdsteknologi som får bustaden til å fungere betre og førebyggje behov for tenester eller innlegging i institusjon.
- Anna arbeid som er nødvendig for at personar med nedsett funksjonsevne kan fortsetje å bu heime.
- Ordninga er økonomisk behovsprøvd. Den økonomiske behovsprøvinga blir gjort etter ei heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt / etter at tilpassingstiltak er gjennomført.
Kommunen administrerar ordninga og søkjer Husbanken om midlar. Kommunen har ikkje plikt til å innvilge tilskot, men dei må behandle søknadene. Kommunen kan bruke stor grad av skjøn i saksbehandlinga og når dei fattar vedtak i søknadene.
Meir informasjon og søknadskjema kan du finne på Husbanken sine nettsider, eller ved henvendelse til tenestetorget i kommunen.