Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Startlån og tilskot til bustad

Startlån er eit finansieringstilbod for dei som ikkje får bustadlån i det vanlege lånemarkedet. I Hemsedal er det NAV-kontoret som tek imot og behandlar søknadar om startlån.

Kven kan få startlån?

Viss du ikkje får bustadlån i vanleg bank og ikkje har moglegheit til å spare opp eigenkapital, kan du søkje startlån. Startlån er for barnefamiliar og personar som er i særleg utfordrande situasjonar og manglar ein eigna bustad:

  • økonomisk vanskelegstilte husstandar
  • du kan miste bustaden ved tvangssal gunna bustadgjeld
  • barnefamiliar med behov for ein stabil og trygg bustad raskt
  • personar som mottekk trygd / offentlege ytingar
  • personar med særlege sosiale eller helsemessige utfordringar
  • personar med nedsett funksjonsevne som treng tilpassing av bustad

 

Kva kan startlånet brukast til?

  • kjøpe ny eller brukt bustad 
  • refinansiering med pant i eigen bustad for å oppretthalde buforholdet
  • kjøpe ut ektefelle
  • til utbetring
  • til tilpassing ved nedsett funksjonsevne

 

Kva må til for å få lån?

  • Søkjaren må kunne betale renter og avdrag på lånet og samtidig ha nødvendige midlar att til livsoppphald.

    bustaden må vere eigna for husstanden og rimeleg i forhold til prisnivået på staden der du skal bu
  • ein hovudregel er at bustaden skal liggje i den kommunen som gjer lån

Søknadsskjema

Søknadsskjema og meir informasjon

Forskrift om startlån fra Husbanken