Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Brann og feiing

  • Gebyr for feiing/tilsyn av fyringsanlegg kjem med på faktura for 2. halvår.

  • Spørsmål knytt til feiing/tilsyn skal rettast til Hallingdal brann- og redningsteneste IKS på post@hallingdal-brannvesen.no

  • Er du bekymra for din eller andres brannsikkerhet? Har du oppdaga eit brannfarleg forhold og ønsker å melde frå? Uansett kven eller kva din bekymring gjeld, ønsker brannvesenet å høyre frå deg. Saman kan vi unngå at branner oppstår og potensielt redde liv.

Branntips.no

Oversikt over feiegebyr
 Type Pris m/mva
Branntilsyn pr. bustad 1 709,00
Feiesats pr. pipe    700,00 
Pipe nr. 2 på same bygg    350,00 
Timesats for anna arbeid    833,75
Gebyr der eigar har bekrefta ja til tilsyn, men ikkje møtt - bustad  1 709,00
Branntilsyn - tilsyn fritidsbustad 1 987,50
Feiing fritidsbustad - pipe 1    700,00
Feiing fritidsbustad - pipe 2 på same bygg    350,00
Gebyr der eigar har bekrefta ja til tilsyn, men ikkje møtt

 1 987,50

Forskrift om brannførebygging gjeldande frå 01.01.2016

Forskrifta  om brannførebygging stiller krav om fleire brannvarslarar  i huset ditt enn før. I tillegg kan det hende pipa di skal feiast  oftare enn du trur.

Forskrifta som tredde i kraft 1. januar krev  at du har minst ein  røykvarslar i kvar etasje.

Tall på røykvarslerar  du må ha etter den  nye forskrifta  vert avgjort  av inndelinga av bustaden  i soner, etasjar, tekniske rom og kor mange soverom.

Har du fleire etasjar, skal du no ha ein varslar per etasje. Med opphaldsrom i ein del av huset, våtrom i ein annan del, kan det vere at du må ha enda  fleire varslerar for å tilfredsstilla  krava i den nye forskrifta om brannførebygging.

Sidan det er krav til at alarmen skal kunne høyrast tydelig på opphaldsrom og soverom når alle dørar er stengt, kan det være behov for både fire og fem brannvarslerar i bustaden.

No skal også hytta feiast regelmessig

Den største forskjellen er at den nye forskrifta for brannførebyggande arbeid også gjeld fritidsbustader. Det betyr at alle hytter skal feiast på lik line med hus.

Det er heller ikkje slik at pipene må feiast minst kvart fjerde år. No kan feiarvesenet bestemme at pipa di treng feiing både oftare eller sjeldnare enn før.

Behovet i enkelte bustader vil væra mindre, på grunn av bruk av varmepumper og andre varmekjelder. I andre bustadområder er husa eldre, pipeløp dårligare og behovet for hyppigare feiing er til stades.

Kostnadene for eigarane av hus eller fritidsbustader vil variera etter kor ofte brannvesenet meiner pipa di skal feiast.

 

Feiing og tilsyn på hytta

I 2016 kom ein forskrift om brannforebygging, med vesentlege endringar frå den tidlegare gjeldande forskrifta. Blant anna skal både fritidsboligar og næringsbygg med fyringsanlegg no ha feiing og tilsyn.

Tilsynet vil omfatte

  • Kontroll av fyringsanlegg (for eksempel peis, ovn, pipe)
  • Sjekk av tilgjengelighet for feiing av skorstein/pipe
  • Informasjon om røykvarslere, slokkeutstyr og rømningsveier
  • Informasjon om gode fyringsvaner
  • Informasjon om brannsikkerhet i hjemmet/på hytta
  • For å svare på SMS-varsel; Bruk linken i varselet eller logg inn her: Min Eiendom

På både hytter og bolighus gjelder regelen om at oppmøte av feier = gebyr. Så hvis varslet tidspunkt ikke passer er det viktig at du får avtalt nytt tidspunkt.

Frist for å avlyse/endre tidspunkt er kl 1500 siste arbeidsdag før tilsynet/feiinga.



Vi treng hjelp av deg som er hytteeigar:
I våre kommunar er det fleire fritidsboligar enn boligar, vi må derfor så snart som mulig få kartlagt omfanget.

Alle hytteeigarar vil få eit skriv der dei må svara på ulike opplysningar om fyringsanlegget og bruken av dette. På bakgrunn av denne kartlegginga vil vi organisere feie- og tilsynstjenesten i fritidsboligar framover. Vi starta arbeidet i 2018, men det kjem sannsynlegvis til å ta fleire år før vi klarar å gå tilsyn/feie på alle hyttene. Vi har lagt ut spørreskjemaet her, sjå lenke De kan altså svara her elektronisk, ellers vil spørreskjemaet ligge ved i brevet som alle vil motta, de kan difor også svara i brevs form om de heller foretrekk det. Vi ønsker at de fyller ut spørreskjemaet så snart som mogleg.

Innsendingsskjema ang fritidsboligar

Stige/trinn på tak:
Me vil også gjera oppmerksom på at forskriftene krev at feiaren skal ha sikker tilkomst på taket for å utføre jobben forsvarleg. Me oppfordrar difor eigarane av fritidsboligane til å montere stige eller trinn på taket.

Feiaren har krav til å risikovurdere faren med å gå på alle tak. Nokon tak, slik som torvtak, kan han gå på utan stige/trinn når det er tørt og ikkje is, ved andre forhold medfører det ein fare å gå på same taket slik at jobben ikkje kan utførast. Uansett er risikoen for uhell/ulykker større for ein som går på 25 tak kvar arbeidsdag heile året, enn for ein som kanskje går på taket ein gong i året. På grunn av den nye forskrifta er det mange firma som tilbyr salg og montering av takstige/taktrinn. Er du usikker på krava til sikker tilkomst på taket for feiaren, eller du har andre spørsmål så ta kontakt med oss.

Fyring med gass:
Gasspeiser og sentralfyr er også å rekne som fyringsanlegg, og er derfor med i tilsynsordninga vår. Dette gjeld ikkje viss gassanlegget berre er knytt til ein koketopp eller liknande på kjøkkenet. 
Det blir kun tilsyn i hytter gassfyring, ikkje feiing. 

Gebyr

Gebyret blir fakturert etter at tilsyn og feiing er gjennomført. 

Dei som ynskjer oftare feiing enn det som feiaren forslår, gir beskjed om det så får dei feiing oftare.

Feiaren kjem

Det blir sendt ut varsel om feiing og/eller tilsyn nokon dagar før feiaren kjem. Dersom tidspunktet ikkje passer, kan du avtale nytt tidspunkt. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, feielapp utfylt og hengt ut, manglande sikring eller på anna måte gitt klar beskjed om at det kan feiast), vil feiing ikkje bli utført, du vil likevel bli belasta med gebyr for oppmøte.

Kontaktinfo ang. feiing og tilsyn i bustader og fritidsbustader:

Hallingdal brann- og redningsteneste iks
Torpomoen 27, 3579 Torpo

Tlf.: 966 25 425

Mail: feieavdeling@hallingdal-brannvesen.no