Kven er barn og unge?
Barn og unge er alle mellom 0 og 18 år, og dei utgjer ca 22% av Norge og Hemsedal sin befolkning.
Ta kontakt!
Dersom du har noko å melde i fra om kan du sende e-post til:
postmottak@hemsedal.kommune.no
Medverknad
Barn og unge har ei lovfesta rett til å bli høyrt i alle plan- og byggesaker. Dei som lagar planar, både kommunen og private, skal sikre at barn får fremma sine synspunkter og kan delta i saker som angår deires interesser. Det er fyrst og fremst planleggjarane sitt ansvar å ivareta interessene til barn og unge i plansaker. Fordi det ofte er mange omsyn og dei vaksne sine ynskjer kommunen tek stilling til i plansaker, er det spesielt viktig med ein eigen representant for barn og unge som kan følgje med på at deires interesser i saker blir høyrt. Dei under 18 år er ikkje rettighetshavarar på same måte som myndige, men fordi dei er ei stor og viktig gruppe i samfunnet er det stilt ekstra krav om at dei skal få medverke i saker som handlar om deires kvardag og områda der dei bur og opphaldar seg.
Temarettleiar frå regjeringa: Barn og unge i plan og byggesak
"Barn og ungdom er eksperter på fysisk miljø. De opplever, ser og anvender uterommet mangfoldig. Men alt for få utemiljøer, spesielt i byer og tettsteder, innbyr til aktiv lek og bevegelse. Forskere er bekymret for utbredelsen av ekstrem fedme og livsstilsykdommer og mener at noen av de viktigste tiltakene er å planlegge stedene våre for fotgjengere og syklister fremfor biler. Vi trenger gode uterom for påkopling snarere enn avkopling. Barn og ungdom trenger miljøer som frister til å oppholde seg ute, til å leke, gå og sykle i hverdagen.
Det bygges i Norge. All byggevirksomhet krever arealer. Arealknapphet fører ofte til konflikter der barn og unges arealbehov overses eller nedprioriteres i forhold til voksnes interesser. For å sikre barn tilgang til utfordrende og trygge leke- og oppholdsarealer, bør barns arealbruk dokumenteres. Barnetråkk er en metode som kan benyttes i det kommunale arbeidet, for å dokumentere barns arealinteresser gjennom medvirkning og informasjonsinnhenting.
Ved å tegne i kart, forteller barn og unge noe om hvordan de bruker lokalmiljøet sitt, hvilke veier de bruker, hvilke steder de er glad i og hvilke steder de opplever som problematiske. De gir kommunen oppdatert kunnskap for bedre planlegging. I tillegg får barn og ungdom med dette en tydeligere stemme i planprosessene."
Tekst henta frå Vegleiar til Barnetråkk
Universell utforming
Plan- og bygningslova si formålsparagraf §1-1 seier at "Prinsippet om universell utforming skal ivaretas i planleggingen og kravene til det enkelte byggetiltak. Det samme gjelder hensynet til barn og unges oppvekstvilkår og estetisk utforming av omgivelsene."
Utforming av produkter og omgjevnader på en slik måte at dei kan bli brukt av alle menneske, i så stor utstrekning som mogeleg, utan behov for tilpassing og ein spesiell utforming.
Det er ein menneskerett å få delta i samfunnet, og det å klare seg sjølv og ta aktiv del i samfunnet vert av dei aller fleste sett på som eit gode. Universell utforming gjer det enklare for alle å orientere seg og bevege seg i samfunnet.
"For barn og unge er utforming av barnehage, skule, bustad, leikeområde, offentleg transport og kultur- og fritidstilbod særleg viktig. Funksjonsevne og funksjonshemming handlar om mykje meir enn å bruke rullestol. Det handlar om grader av syn og hørsel, om kognitive evner og lesedugleik, om alder, helse, økonomi og mykje anna. Manglande universell utforming gjer at mange barn med nedsett funksjonsevne må gå på ein annan skule enn den dei høyrer til, eller at dei blir utestengde frå fritids- og kulturaktivitetar."
- Frå Fylkesmannen i Vestland
Universell utforming der barn og unge opphalder seg
Rikspolitiske retningsliner
Rikspolitiske retningsliner for barn og planlegging gir konkrete krav til kvalitet og funksjon på dei areala som blir sett av til barn og unge.
Erstatningsareal
Dei rikspolitiske retningslinene (5.d.) seier at det ved omdisponering av areal som i planer er avsett til fellesareal eller friområde som er i bruk eller er eigna for leik, skal skaffast fullverdig erstatning. Erstatning skal også skaffas ved utbygging eller omdisponering av uregulert areal som barn bruker som leikeareal. Erstatningsareal skal også skaffas dersom omdisponering av areal eigna for leik gjer at de ikkje lenger er eigna eller ikkje lenger oppfyller dei krav som vert stilt til areal i nærmiljøet i retningslinene (5 b).
Oppgåver og mandat
Representanten har møte- og talerett i dei utval som handsamar plansaker (jf. § 23 nr. 3 i kommunelova). Dersom representanten meiner at barn og unge sine interesser ikkje blir ivareteke i ein planprosess skal deiras uttale bli teke med i protokollen (vert ofte kalla protokolltilførsel). Planavdelinga i kommunen har ansvar for å inkludere representanten i aktuelle saker og informere om kva som skjer.
Meir informasjon
Frå staten
Rikspolitiske retningsliner for barn og planlegging
- Utdjupande forklaring til kvart av punkta i dei rikspolitiske retningslinene
- Vegleiing til bruk av dei rikspolitiske retningslinene for barn og planlegging
Regjeringa si side om barn og unge sine interesser i planlegging
Stortingsmeldingar og andre offentlege dokument som støttar opp om barn og unges interesser
Nettsider med verktyg og aktiviteter for skule og banrehage
Universell utforming
Universell utforming der barn og unge opphalder seg
Temahefter, vegleiarar og rapportar
NINA-temahefte: Barn og natur. Nasjonal spørreundersøking om barn og natur
Ung og ute: en studie av ungdom og unge voksnes bruk av uterom
Temavegleiar frå regjeringa: Barn og unge i plan og byggesak