Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Skulemiljø

I Hemsedal kommune skal det vere nulltoleranse for mobbing og krenkingar. Alle elevane i Hemsedal kommune skal ha eit trygt og godt skulemiljø fritt for mobbing og krenkingar. Hemsedal kommune skal ha gode rutinar og eit internkontrollsystem som skal sikre at arbeidet med skulemiljø og kap. 9A følgjer regelverket. Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande.

Skulen har ei aktivitetsplikt

Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra. Dersom ein vaksen på skulen veit om – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han

  • gripe inn mot krenkingar om det er mogleg
  • alltid seie frå til rektor
  • undersøkje det som har skjedd

Rektor har ansvar for å lage ein plan og setje inn tiltak for at eleven igjen skal få det trygt og godt på skulen. Dette kallar ein for aktivitetsplikta til skulen.

Kva om ein elev blir krenka av ein tilsett på skulen?

Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenka av ein lærar eller andre som jobbar på skulen, har skulen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Det er strengare krav til å varsle, undersøkje, og sette inn tiltak. Rektor må òg varsle skuleeigar (kommunen), som vil følgje opp saken vidare.

Dersom det er ein i leiinga som står bak krenkingane, skal skuleeigaren varslast direkte.

Melde saka til statsforvaltaren 

Dersom du eller barnet ditt meiner at skulen ikkje har gjort nok for at eleven skal ha eit trygt og godt skulemiljø, kan du melde saka til statsforvaltaren.

Før du melder saka til statsforvaltaren: 

  • må du ha tatt opp saka med rektor på skulen 
  • må det ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med rektor  

Saka må i tillegg gjelde skulemiljøet på den skulen eleven går på no.

Er det helt spesielle tilfelle, kan du uansett ta kontakt med statsforvaltaren. Du må ta kontakt med Statsforvaltaren i det fylket du bur. Du finn ei oversikt på www.statsforvalteren.no, under fagområdet «barnehage og opplæring».

Kva kan statsforvaltaren gjere?

Statsforvaltaren skal vurdere om skulen har gjort det dei skal, og dei kan bestemme kva skulen skal gjere for å sørge for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Statsforvaltaren skal setje ein frist for når tiltaka skal gjennomførast og følgje opp saka.

Dei kan òg gje bøter dersom skolane ikkje følgjer opp.

Samarbeid skule/heim

Overordna del av læreplanen, prinsipper for skulens praksis, seier følgjande om skule/heim-samarbeidet:

Opplæringa skal skje i samarbeid og forståing med heimen, og samarbeidet skal bidra til å styrkje læringa og utviklinga til elevane.

God kommunikasjon mellom heim og skule bidrar positivt til skolen sitt arbeid med læringsmiljøet og til oppvekstmiljøet til elevane. Foreldre og føresette har hovudansvaret for oppdraginga av og utviklinga til barnet. Dei er dei viktigaste omsorgspersonane for barna og ungdommane og har kunnskap som skulen kan bruke for å støtte danninga, læringa og utviklinga til eleven. Skulen har det overordna ansvaret for å ta initiativet til og leggje til rette for samarbeid. Dette inneber å sørgje for at foreldre og føresette får nødvendig informasjon, og for at dei får høve til å påverke skulekvardagen til barna sine.

Nyttige lenker

En trygg skoledag uten mobbing

§9a Informasjon til elevar og foreldre 

Statsforvaltaren i Oslo og Viken

Null mobbing

Bruk hue - mot nettmobbing

§9a Opplæringslova