Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Hemsedal SFO - skulefritidsordning

Kommunen har tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. klasse, og for barn med særskilte behov på 5.-7. årstrinn.

Søke om SFO-plass 

Søknadsfrist for SFO skuleåret 2024/2025 er 1. mars.
Det er berre nye søkjarar og dei som vil endre plass som treng å søke.
Dagens sfo-plassar følgjer med over til neste skoleår.

SFO tek og imot søknader heile året, og opphaldstida kan justerast etter behov dersom det er ledig kapasitet. Det er også mogeleg å kjøpe ekstra dagar og fridagar. Dette gjeld både fast påmeldte barn og andre som har behov.


Elektronisk søknad til sfo - endring av plass - oppseiing av sfo-plass  
No kan du krysse av for kva dagar du ønskjer plass og om du ønskjar plass morgo og ettermiddag.

Rettleiing til elektronisk søknad (Les fra side 17)

Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med Hemsedal skole, tlf. 31 40 89 05.
Personar som manglar 11-sifra personnummer må også ta kontakt på tlf. 31 40 89 05.

 

Oppseiing
  • Oppseiing av plass i SFO skal gjelde frå 1. eller 15. i månaden.
  • Oppseiing av plassen skal meldast  minimum 1 månad før barnet skal slutte.
  • Oppseiing kan ikkje skje etter 15.mai, og i tilfelle dette skjer, vil foreldrebetalinga likevel halde fram med fast månadleg beløp ut SFO-året.
  • Kommunen kan og seie opp plassar med same frist dersom betalingsfristen vert overskriden med meir enn 2 månader.
  • Oppseiing skal skje via Visma Flyt skole.

 

Prioritet til opptak

Alle som søkjer innan fristen 1. mars, får plass.

Inntak i løpet av skuleåret kan skje etter nærare vurdering og dersom det ikkje fører til behov for auka bemanning. Dersom det er fleire søkjarar enn det er plass til, vert inntaket gjort etter fylgjande vilkår:

  1. Barn med særlege vanskar kan takast inn føre andre søkjarar når det ligg ei fagleg vurdering til grunn for vurderinga av situasjonen og tilråding om inntak.
  2. Barn av einslege foreldre i arbeid eller under utdanning, og som åleine fører tilsyn med barnet/barna.
  3. Barn som har begge foreldre/føresette i arbeid eller under utdanning.
  4. 6-åringar kjem føre eldre barn.

Dersom det er plass, kan skulefritidsordninga ta mot barn for kortare periodar der det er særlege grunnar til det (sjukdom i heimen o.a).

Opningstid
  • SFO følgjer skuleåret og startar 16. august.
  • 6-åringane som skal begynne på 1. årstrinn, startar i SFO sine lokale veke 31, men saman med personalet frå barnehagen.
  • SFO er open dei dagane som går inn i skuleruta. I haustferien, vinterferien, i juni etter skuleslutt og i august før skulestart er det høve til å kjøpe dagar. Påmeldinga er bindande med eigen betaling.
  • SFO er stengt i juli, jule- og påskeferie, andre fridagar i skuleåret jf skuleruta.
  • SFO heldt stengt inntil 6 planleggingsdagar som vert brukt til kompetanseheving hjå personalet. Desse dagane er til vanleg dei same som skulen sine.

Dagleg opningstid

Kl. 07.30 - 16.30 kvar dag (måndag til fredag) 

Tilbod gjennom året:

Morgon-SFO: kl. 07.30-08.30

Ettermiddags-SFO: frå skuleslutt - 16.30

 

Leksetid

Kommunen skal ha eit tilbod om leksetid for elevar på 1.-4. årstrinn.
Tilbodet skal vere gratis for elevane.
Elevane skal ha rett til å delta på leksetidtilbodet, men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta.

 

Prisar SFO 2024 

Vedtekne prisar gjeldande frå 1.1.2024

Full betaling  
1 dag pr veke før og etter skulen    608,-
2 dagar pr veke før og etter skulen 1 217,-
3 dagar pr veke før og etter skulen 1 814,-
4 dagar pr veke før og etter skulen 2 407,-
5 dagar før og etter skulen 3 009,-
Berre morgon    678,-
   
Syskenmoderasjon  
30% på den rimelegaste plassen frå barn nr. 2  
   
Kjøp av dag  
Pris pr dag i feriar utanom skuleruta  320,-
Pris pr dag for dei som ikkje har ordinær plass  353,-
Pris pr dag før og etter skuletid  160,-
Pris pr dag for dei som ikkje har ordinær plass  171,-
Gebyr ved for sein henting  312,-
Betaling
  • Kommunestyret fastset foreldrebetalinga for SFO ved budsjetthandsaminga kvart år.
  • Rekninga vert sendt ut forskotsvis kvar månad.
  • Det er foreldrebetaling for plass 10 månader i året.
  • Dersom meir enn 2 månader av foreldrebetalinga utestår vert varsel om oppseiing av plassen sendt frå økonomiavdelinga i kommunen.
  • Brukarar som mistar plassen grunna manglande betaling kan tidlegast få attende plass ved neste ordinære opptak.

 

Moderasjonsordning

Moderasjonsordning

Frå 1. august 2023 er det fastsett tre moderasjonsordningar i SFO:

a) Alle elevar på 1.trinn og 2.trinn får 12 timar gratis SFO. Dette treng de ikkje søke om, det blir lagt inn av administrasjonen.
 
b) Inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for husstandar med elevar på 1. - 4. trinn. Ordninga skal sikre at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta til å betale for ein SFO-plass.
 
c) Gratis SFO for elevar på 5.-7. trinn med særskilde behov og som er tildelt SFO-plass (foreldre treng då ikkje søkje for denne ordninga).

Det må søkjast om ordninga B ved å sende inn elektronisk skjema. 
Det er same linken som når du søkjer sfo-plass og logge på med ID-porten.

Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling
Sist mottekne skattemelding skal leggjast med som dokumentasjon.
 
Dersom husstanden har ein vesentleg eller varig endring av inntekta i forhold til kva skattemeldinga viser, må det i tillegg leggjast med lønnslipp, vedtak frå NAV eller annan dokumentasjon på endra inntekt. 
 
Som hovudregel skal søknad/vedtak om redusert betaling gjelde for eit skuleår av gongen.
 
For skuleåret 2023/2024 vil skattemeldinga for 2022 vere grunnlaget for vedtaket.

Fristen for å søkje for skuleåret 2023/2024 er sett til 1.august. 
 
Søknader som blir innvilga og som er motteke innan fristen vil gjelde frå den 1. august.
 
Søknadar som kjem etter fristen vil ved eit eventuelt vedtak om redusert sats, gjelde frå den 1. i månaden etter at søknaden er motteken.
SFO og skyss.

GENERELT OM BUSSKORT

Alle elevar som har rett på skuleskyss får tildelt eit elektronisk busskort frå skulen.
Busskortet er gyldig 17.8.20 – 18.6.21.
Busskortet vert deaktivert om sommaren.

Dersom kortet ikkje verker frå skulestart må du gi beskjed til skulen om dette.
Ta med busskortet til skulen og du får tildelt midlertidig reisebevis inntil busskortet blir aktivert.
Skulekort er gebyrfritt for grunnskoleelevar.
Ta godt vare på det!

Kva gjeld når mitt barn har SFO?

Skulefritidsordninga er frivillig, og foreldre/føresette må sjølve bringe og hente barna når ordinær skuleskyss ikkje kan nyttast.

Barn som har plass i skolefritidsordningen og som på grunn av funksjonshemming eller midlertidig skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til skyss til og fra SFO. Retten gjelder uavhengig av avstand mellom heimen og SFO. Retten gjeld ikkje i skuleferiar. Meir info HER.

Når man bestiller SFO og kryssar av morgon og ettermiddag, har barnet ikkje rett på buss desse tidspunkta.

Om ditt barn ikkje skal bruke SFO ein ettermiddag eller ein morgon, har dei ikkje gjeldande busskort denne dagen.
Foreldre/føresette må sjølve sørge for at barnet sitt kjem til skulen og/eller heim frå skulen.

Det er viktig at påmeldinga og bruken av SFO er reell og nøyaktig.
Brakar, vår transportleverandør, set opp transport ut frå talet på barn som ikkje er meldt på SFO morgon og ettermiddag.

Klage på SFO

Får du avslag på søknaden, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det.
Forklar kva du er misfornøyd med og kvifor du meinar vedtaket bør endras. Om du treng rettleiing, kan du henvenda deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjersle, vert saken sendt vidare til kommunens eigen klagenemnd, som avgjer om klaga skal tas til følge.

 

SFO-vedtekter 

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGA

Kontaktinfo

SFO tlf.  971 50 499